Robert Fripp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Fripp
Robert Fripp.jpg
Fødd 16. mai 1946
Wimborne Minster, Dorset, England
Instrument Gitar, klaverinstrument
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock, jazzfusion, ambient, instrumental rock
Aktive år 1968 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar King Crimson, Fripp & Eno, Brian Eno, David Bowie, Peter Gabriel, David Sylvian, League of Gentlemen, Van der Graaf Generator, G3, Porcupine Tree, Toyah Willcox, Andy Summers, Trey Gunn, Theo Travis, Slow Music Project
Plateselskap E.G., Polydor, Discipline Global Mobile
Kjende instrument
Gibson Les Paul
Roland Synth Gitar

Robert Fripp (fødd 16. mai 1946) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent som er mest kjend som gitarist i progrockbandet King Crimson. Han har halde på i fire tiår og har spelt innan mange musikkstilar. Fripp vart rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003.[1] I 2010 vart han rangert på 47. plass på Gibson.com si liste over dei 50 beste gitaristane gjennom tidene.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Fripp vart fødd i Wimborne Minster, Dorset, England. Han byrja som profesjonell musikar i 1967 då han svarte på ei annonse om ein syngande organist for eit band danna av bassist Peter Giles og trommeslagar Michael Giles, trass i at han verken syng eller spelar orgel. Dei gjorde det heller dårleg som konsertband, men Giles, Giles and Fripp klarte å gje ut to singlar, samt eit album, The Cheerful Insanity of Giles, Giles and Fripp.

Tidleg King Crimson[endre | endre wikiteksten]

Robert Fripp på turne med King Crimson, i 1973.

Etter at det første bandet vart oppløyst, gjorde Fripp i lag med trommeslagar Michael Giles, planar om å danne King Crimson i 1968 i lag med Greg Lake, Peter Sinfield og Ian McDonald. Det førset albumet deira, In the Court of the Crimson King, kom ut seint i 1969 til stor suksess, og vert i dag rekna som eit av dei viktigaste albuma innan progressiv rock. På grunn av musikalske skilnader mellom Giles og McDonald, vart King Crimson oppløyst kort tid etter det første albumet, men vart danna på ny fleire gonger dei neste åra. I starten sa Fripp seg villig til å forlate bandet, men Giles og McDonald sa at dei kom til å dra uansett, så Fripp vart verande att for å halde Crimson gåande. Han har vore det einaste kontante medlemmet i bandet sidan. Crimson gjekk gjennom mange besetningar før Fripp oppløyste gruppa for første gong i 1974.

Sideprosjekt og samarbeid[endre | endre wikiteksten]

I den mindre aktive perioden til King Crimson dreiv Fripp med fleire sideprosjekt. Han arbeidde med Keith Tippett (og andre som har spelt på King Crimson-plater) på prosjekt langt frå rockemusikk, produserte Centipede sitt Septober Energy i 1971 og Ovary Lodge i 1973. I denne perioden arbeidde han òg med Van der Graaf Generator, og spelte på H to He, Who Am the Only One i 1970, og i 1971 på Pawn Hearts. Han produserte det andre albumet til Matching Mole, Matching Mole's Little Red Record i 1972. Han samarbeidde med Brian Eno og spelte inn (No Pussyfooting) i 1972 og Evening Star i 1974. Desse to albuma eksperimenterte med mange musikalske teknikkar, mellom anna bandsløyfesystem som vart sentral i seinare verk av Fripp. Dette systemet vart kjend som «Frippertronics». I 1974 spelte han òg ein gnistrande gitarsolo på «Baby's on Fire», kanskje den mest kjende songen på debutalbumet til Eno som soloaritst, Here Come the Warm Jets. I 1975 heldt Fripp og Eno fleire konsertar i lag i Europa, og Fripp spelte gitar på det banebrytande albumet til Eno, Another Green World.

Fripp var ei tid borte frå musikkindustrien seinare i 1970-åra, der han dyrka ei interesse for teoriane til Gurdjieff via J. G. Bennett (studiar som seinare skulle påverke arbeidet hans med Guitar Craft). Han kom attende til musikkverda som studiogitarist på det første soloalbumet til Peter Gabriel, Peter Gabriel (I) i 1976, som kom ut året etter. Fripp turnerte med Gabriel etter albumet kom ut, men heldt seg uta av syne (anten ikledd vengjer eller bak om eit teppe) og nytta psevdonymet «Dusty Rhodes». [3] Han produserte òg og spelte på det det andre albumet til Gabriel i 1978.

I 1977 fekk Fripp ein telefon frå Eno, som arbeidde med David Bowie på albumet "Heroes". Fripp gjekk med på å spele gitar på albumet, noko som førte til ei rekkje samarbeid med andre musikarar. Fripp medverka samarbeidde med Daryl HallSacred Songs. I denne perioden byrja Fripp å arbeide med solomateriale, med bidraf frå tekstforfattar Joanna Walton og fleire andre musikarar, som Eno, Gabriel, Hall, samt Peter Hammill, Jerry Marotta, Phil Collins, Tony Levin og Terre Roche. Dette kom ut som Exposure i 1979, etterfølgd av Frippertronics-turneen same året. Då han budde i New York medverka Fripp på to album og på konsertar med Blondie og Talking Heads (Fear of Music), og produserte det første albumet til The Roches, som inneheld fleire av dei karakteristiske gitarsoloane til Fripp. I 1980 spelte han igjen med David Bowie på albumet Scary Monsters (and Super Creeps).

Fripp sitt samarbeid med bassist Busta Jones, trommeslagar Paul Duskin, og vokal av David Byrne (Byrne tilskriven som Absalm el Habib) gav God Save the Queen/Under Heavy Manners året etter. Han samla samstundes saman eit band han kalla eit «andredivisjons turnerande new wave instrumental danseband» under namnet League of Gentlemen, med bassist Sara Lee, klaverspelar Barry Andrews og trommeslagar Johnny Toobad (seinare erstatta av Kevin Wilkinson). LOG turnerte det meste av 1980.

Tidleg og på midten av 1990-åra medverka Fripp med gitar til Lifeforms (1994) av The Future Sound of London og Cydonia (2001) av The Orb, samt som FFWD, eit samarbeid med medlemmar frå The Orb. I tillegg arbeidde fripp med Eno på eit CD-ROM-prosjekt i 1994 kalla Headcandy skapt av Chris Juul og Doug Jipson. Eno meinte at det visuelle aspektet på plata (videofeedback-effektar) var særs skuffande då det var ferdig, og angra på at han deltok. I denne perioden medverka Fripp på to album av No-Man (eit band med Steven Wilson frå Porcupine Tree) og The Beloved (Flowermouth i 1994 og X i 1996). Han medverka òg med lydar og gitar på to album av det britiske bandet Iona: Beyond These Shores i 1993 og Journey into the Morn i 1996. Han spelte òg gitar på Porcupine Tree-albumet Fear of a Blank Planet

King Crimson igjen[endre | endre wikiteksten]

I 1981 vart den fjerde utgåva av King Crimson starta, i lag med Adrian Belew, Bill Bruford og Tony Levin. Gruppa vart først starta som Discipline, men medlemmane fortalte Fripp at dei meinte King Crimson var meir passande. For Fripp hadde King Crimson alltid vore ein måte og gjere ting på, heller enn ei gruppe musikarar, og gruppa førte at musikken deira fanga denne metoden. Etter å ha gjeve ut tre album (Discipline, Beat, Three of a Perfect Pair), vart denne utgåva av King Crimson oppløyst i 1984.

I denne perioden spelte Fripp inn to plater med den gamle venen Andy Summers frå The Police. På I Advance Masked, speler Fripp og Summers alle instrumenta sjølv. Bewitched var meir dominert av Summers, som produserte albumet og samarbeidde med andre musikarar i tillegg til Fripp.

Guitar Craft[endre | endre wikiteksten]

Fripp fekk tilbod om ei stilling som lærar ved American Society for Continuous Education (ASCE) i Claymont Court, Vest-Virginia i 1984. Han hadde vore involvert med ASCE sidan 1978, og hadde lenge tenkt på ideen om bli gitarlærar. Kurset hans, Guitar Craft, starta i 1985, og ei sidegrein av dette har vore gruppa The League of Crafty Guitarists, som har gjeve ut fleire album. I 1986 gav han ut det første av to samarbeid med kona si, Toyah Willcox. Medlemmar i California Guitar Trio er tidlegare medlemmar av The League of Crafty Gitarists, og Gitbox Rebellion inneheld fleire tidlegare Gutiar Craft-studentar. California Guitar Trio har òg turnerte med King Crimson.

Soundscapes[endre | endre wikiteksten]

Fripp vendte attende til soloarbeidet sitt i 1994 med ein oppdatert versjon av Frippertronics-teknikken som skapar loopar med digital teknologi i staden for analoge lydband. Fripp har gjeve ut fleire album han kallar «Soundscapes», inkludert 1999, Radiophonics, A Blessing of Tears, That Which Passes, November Suite, The Gates of Paradise, Love Cannot Bear og At the End of Time, samt fleire konsertopptak som kan lastast ned.

Sylvian / Fripp[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidet til Fripp med David Sylvian inneheld nokre av den rikaste gitarspelinga hans. Fripp medverka til den 20 minuttar lange songen «Steel Cathedrals» frå albumet Alchemy: An Index of Possibilities i 1985. Fripp spelte så på fleire songar på Gone to Earth i 1986.

Ein gong i 1991 spurte Fripp Sylvian om han ville synge med det gjenforeinte King Crimson. Sylvian avslo invitasjonen, men foreslo eit mogeleg samarbeid mellom dei to, som etter kvart vart ein turne i Japan og Italia våren 1992. I juli 1993 gav Sylvian og Fripp ut The First Day i lag. Andre samarbeid var med Trey Gunnstick og Jerry Marotta på trommer.

King Crimson igjen[endre | endre wikiteksten]

Sint i 1994 danna Fripp King Crimson igjen med same besetninga som i 1980-åra, i tillegg til Trey Gunn og trommeslagar Pat Mastelotto i det som vart kalla ein «dobbel trio» (to gitaristar, to bassistar og to trommeslagarar). Denne besetninga gav ut «VROOOM» EP i 1994, og Thrak i 1995 Frå 1997 til 1999 og igjen i 2006, vart bandet delt opp i fem undergrupper kalla «ProjeKcts».

I 2000 gav dei ut studioalbumet The ConstruKction of Light med ei sjette besetning som bestod av Fripp, Adrian Belew, Trey Gunn, Pat Mastelotto og The Power to Believe som kom ut i 2003. Mot slutten av året forlet Gunn bandet. I mars 2004 vart ei sjuande besetning danna då Tony Levin kom attende for å erstatte Trey Gunn.

Nyare arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 2004 turnerte Fripp med Joe Satriani og Steve Vai som gitartrioen G3.

Robert Fripp lagde nye lydar for Microsoft sitt Windows Vista.[4][5]

Seint i 2005 og tidleg i 2006 vart Fripp med Bill Rieflin sitt improvisasjonsbaserte Slow Music-prosjekt, i lag med gitarist Peter Buck, Fred Chalenor (akustisk bass), Matt Chamberlain (trommer) og Hector Zazou (elektronikk). Dei turnerte vestkysten av USA i mai 2006.

I oktober 2006 spelte ProjeKct Six (Robert Fripp, Adrian Belew) konsertar på austkysten av USA,[6] som oppvarming for Porcupine Tree. Gjennom heile 2006 spelte Fripp fleire solokonsertar med soundscapes i små lokale, særleg kyrkjar rundt West Midlands i England, der han bur.

Fripp medverka med soundscapes på to songar for Porcupine Tree sitt Fear of a Blank Planet. I 2008 samarbeidde han med Theo Travis på 'Thread', eit album for gitar & fløyte eller saksofon. Dei gjorde nokre konsertar i lag i 2009.

Fripp (i lag med Pat Mastelotto og andre) spelte på Judy Dyble-albumet (Giles, Giles & Fripp; Fairport Convention; Trader Horne) Talking With Strangers i august 2009.

Fripp medverka med ein gitarsolo på ein lengre versjon av songen «Heathen Child» av Grinderman i 2010, som kom ut som B-side på singelen «Super Heathen Child».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]