Matera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matera
Matera i november 2005
Matera i november 2005
Byvåpenet til Matera
Byvåpenet til Matera


Plassering
Matera is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Basilicata
Matera
Borgarmeister Emilio Nicola Buccico
Geografi
Flatevidd
 - By

387 40 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

59 144
  153/km²
Koordinatar 40°40′″N 16°36′″EKoordinatar: 40°40′″N 16°36′″E
Høgd over havet 401 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 75100
Telefon-retningsnummer 0835
Nettstad: www.comune.matera.it

Matera er ein by sør i Italia. Han er hovudstad i provinsen Matera i regionen Basilicata og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Hovudnæringa i byen har tradisjonelt vore jordbruk, men seint på 1990-talet vart produksjon av trukne møblar ei av dei viktigaste næringane.

Byen ligg på tvers av ein liten, trong dal, som har vorte erodert av elva Gravina, som renn gjennom byen.

Matera er særleg kjend for Sassi, gamlebyen som er hogd ut i stein. Sassi er ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Matera har vore busett sidan steinalderen. Byen vart visstnok grunnlagd av romarane200-talet fvt. under namnet Metheola etter konsul Lucius Caecilius Metellus.

I 664 vart Matera erobra av langobardar og vart ein del av Hertugdømet Benevento. På 600- og 700-talet vart dei nærliggande grottene kolonisert av både klosterinstitusjonar frå både benediktinarordenen og gresk-ortodokse munkar.

På 800- og 900-talet vart det ukjempa mange kampar i området mellom sarasenarar, Austromarriket og Det tysk-romerske riket, inkludert Ludvig II, som øydela byen. Etter at normannarane slo seg ned i Puglia, vart Matera styrt av Vilhelm Jernarm frå 1043.

Etter ein kort periode som kommune og ei rekkje episodar med pest og jordskjelv vart byen på 1400-talet ein del av Huset Aragon sitt rike og vart gjeve bort som eit len til Tramontano-familien. I 1514 gjorde innbyggjarane opprør og tok livet av grev Giovanni Carlo Tramontano. På 1600-talet vart Matera gjeve til Orsini-familien og vart så ein del av Terre d'Otranto di Puglia. Seinare vart han hovudstad i Basilicata fram til 1806, då Joseph Bonaparte førte hovudstaden tilbake til Potenza.

I 1927 vart han igjen hovudstad i provinsen Materai. 21. september 1943 gjorde Materani motstand mot den tyske okkupasjonen, som den første italienske byen som kjempa mot Wehrmacht.

Sassi[endre | endre wikiteksten]

Sassi i Matera.

Matera er kjend for gamlebyen sinn, Sassi di Matera (som tyder «steinane i Matera»). Sassi var ein førhistorisk holebuar busetnad og ein trur at det kanskje er ein av dei første busetnadane i Italia.

Sassi består av hus som er hogd ut av fjellet, lokalt kalla «Tufo», som ein har mykje av i Basilicata og Puglia. Mange av desse «husa» er eigentleg grotter, og gatene i enkelte delar av Sassi er stundom på taket til andre hus. Byen voks opp på eine sida av ravinen som elva Gravina har danna.

I 1950-åra tvinga dei italienske styresmaktene folk til å flytte frå Sassi til meir moderne område av byen, men folk haldt fram med å bu her.

Fram til seint i 1980-åra vart området rekna som ein fattig bydel, sidan husa nesten ikkje er mogeleg å bu i. Den noverande lokale administrasjonen har derimot vorte meir turismeorientert og har gjort Sassi om til ein stor turistdestinasjon.

Sassi har visstnok liknande utsjånad som Jerusalem hadde i antikken, og derfor har mange filmar vorte spelt inn her, mellom anna The Passion of the Christ av Mel Gibson frå 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Matera

Kjelde[endre | endre wikiteksten]