Matty Groves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Matty Groves» er ei engelsk folkevise som skildrar eit møte mellom ein mann og ei gift kvinne som endar med at ektemannen til kvinna oppdagar dei og tek livet av dei. Han går minst attende til 1600-talet og er ein av Child Ballads samla inn av Francis James Child på 1800-talet. Songen har òg andre namn, som «Little Musgrave and Lady Barnard».

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

Kona til ein adelsmann, Lord Arlen (andre namn er Lord Daniel, Arnold, Donald og Barnard), forfører Matty Groves (eller Little Musgrave), ein tenar for ektemannen, med seg til sengs. Lord Arlen får vite om utruskapen; i somme versjonar høyrer ein pasje dei og åtvarar Lord Arlen; lorden lover han løn om han fortel sanninga -- å gjere han til arving eller la han få gifte seg med eldstedottera -- og avrette han om han lyg. Adelsmannen kjem heim, der han overraskar paret til sengs. Han drep dei ikkje med ein gong for Matty bed om å få våpen. Lord Arlen drep Matty Groves i ein duell. Då kona avviser han med forakt og seier at ho heller vil ha elskaren, sjølv om ho må døy, stikk han ho i hjartet. Balladen kan slutte der, eller med at lorden døyr, anten ved sjølvmord eller ved avretting.

Somme versjonar av balladen inneheld element av ein morgonsong, ei poetisk form der elskarane forlet kvarandre etter å ha vore natta i lag.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Album/Singel Artist år Variant Merknad
John Jacob Niles Sings American Folk Songs John Jacob Niles 1956 Little Mattie Groves
British Traditional Ballads in the Southern Mountains, Volume 2 Jean Ritchie 1960 Little Musgrave
Joan Baez in Concert Joan Baez 1962 Matty Groves
Home Again Doc Watson 1966
Liege & Lief Fairport Convention 1969 Matty Groves Fleire konsertversjonar gjeven ut sidan
Prince Heathen Martin Carthy 1969 Little Musgrave and Lady Barnard
Ballads and Songs Nic Jones 1970 Little Musgrave
Just Gimme Somethin' I'm Used To Norman Blake og kona Nancy Blake 1992 Little Matty Groves
Folque Folque 1974 Skjøn Jomfru Dette er ein feilaktig påstand. Skøn jomfru er ei trad. no. folkevise frå Romsdal.
Christy Moore Christy Moore 1976 Little Musgrave
The Woman I Loved So Well Planxty 1980 Little Musgrave Christy Moore, som òg spelte inn songen, var medlem av Planxty
Out Standing in a Field The Makem Brother and Brian Sullivan 1992 Matty Groves
You Could Be the Meadow Eden Burning 1994
Robyn Hitchcock Matty Groves berre på konsert [1]
Live at the Mineshaft Tavern ThaMuseMeant 1995
Hepsankeikka Tarujen Saari 2000 Kaunis neito (på finsk)
On and On Feler's Green 1997 Matty Groves
Never Set the Cat on Fire Frank Hayes 1977 Like a Lamb to the Slaughter gjort som ein parodi
Ralph Stanley Ralph Stanley 2002 Little Mathie Grove
Sings Sandy Denny Linde Nijland 2003 Matty Groves
Season of the Witch The Strangelings 2007 Matty Groves
Prodigal Son Martin Simpson 2007 Little Musgrave
The Peacemaker's Chauffeur Jason Wilson Band 2008 Matty Groves Reggae-arrangement med Dave Swarbrick, hovudsakleg basert på Fairport-versjonen
Foxhat Compilation The Fox Hat! 2009 Matty Groves
Folk Songs James Yorkston and the Big Eyes Family Players 2009 Little Musgrave
Alela & Alina Alela Diane med Alina Hardin 2009 Matty Groves, Lord Arland
Orphans: Brawlers, Bawlers and Bastards Tom Waits 2009 Mathie Grove
Sweet Joan Sherwood 2010 Matty Groves (på russisk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]