Max Wolf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Wolf

Max Wolf, fullt namn Maximilian Franz Joseph Cornelius Wolf, (21. juni 18633. oktober 1932) var ein tysk astronom, og ein pioner innan astrofotografi.

Han blei fødd i Heidelberg i Tyskland. I 1888 fekk han ei doktorgrad ved Universitetet i Heidelberg, der han også blei tilsett i 1890.

Han arbeidde ved observatoriet Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl, og oppdaga frå 1891 meir enn 200 asteroidar. Den første, 323 Brucia, blei oppkalla etter Catherine Wolfe Bruce, som hadde donert $10 000 til bygginga av teleskopet. Han var ein føregangsmann innan bruk av astrofotografiske teknikkar for å automatisere oppdaginga av asteroidar, i motsetnad til eldre, visuelle metodar. Med langtidseksponerte fotografi framstår asteroidar som korte strekar, fordi dei flytter seg relativt til fiksstjernene. Som eit resultat av dei nye teknikkane auka mengda av nyoppdaga asteroidar raskt.

Blant dei mange oppdagingane hans var 588 Achilles, som var den første trojanske asteroiden i 1906, og to andre trojanarar: 659 Nestor og 884 Priamus. I 1918 oppdaga han også 887 Alinda, som no blir rekna som ein Amor-asteroide som kryssar bana til Jorda. Like etter den siste oppdaginga hans, den 6. februar 1932, blei rekorden hans på 248 oppdagingar slått av eleven hans, Karl Wilhelm Reinmuth, den 24. juli 1933.

Han var også oppdagar eller med-oppdagar av nokre kometar, mellom anna 14P/Wolf og 43P/Wolf-Harrington, og fire supernovaer: SN 1895A (også kalla VW Vir), 1909A (også kalla SS UMa), 1920A, og 1926A (den siste saman med Reinmuth).

Han oppdaga også Wolf 359, ein raud dverg som er ei av dei næraste stjernene til vårt eige solsystem. Wolf-Rayet-stjernetypen blei derimot ikkje oppdaga av Max Wolf, men av den franske astronomen Charles Wolf.

I 1910 foreslo Wolf for optikkselskapet Carl Zeiss å lage eit nytt instrument, no kjent som eit planetarium. Den første verdskrigen braut ut før dette kunne utviklast ferdig, men Zeiss vende tilbake til prosjektet etter at krigen var slutt, og det første vellykka planetariet blei fullført i 1923.

Max Wolf døydde i Heidelberg 3. oktober 1932.

Utmerkingar og prisar[endre | endre wikiteksten]

Note[endre | endre wikiteksten]

Minor Planet Center krediterer oppdagingane hans som «M. F. Wolf», medan «M. Wolf» gjeld dei nyare oppdagingane til den tsjekkiske astronomen Marek Wolf.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]