Mecklenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mecklenburgs flagg (med tradisjonelt oksehovud, utan skjold)

Mecklenburg er eit gammalt riksterritorium i det nordlege Tyskland, med si eiga historie og kultur, som i dag utgjer den vestlege delen av delstaten Mecklenburg-Vorpommern.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mecklenburg var delt mellom Mecklenburg-Schwerin og Mecklenburg-Strelitz i åra 1866-1934

Mecklenburg grensar i vest til Schleswig-Holstein og Niedersachsen, i sør til Brandenburg og i aust til Vorpommern. Naturlege grenser utgjer Austersjøen i nord, Elbe i sørvest og dei tre elvane Recknitz, Trebel og Pene i aust.

Dei største byane i Mecklenburg er Rostock, Schwerin, Neubrandenburg og Wismar. Mecklenburg er forholdsvis tynt folkesett. Dei viktigaste næringane er landbruk, turisme og to universitet. Industrien er avgrensa til einskilde skipsverft i Rostock og Wismar. Det har gode kulturelle og økonomiske samband til naboane i Austersjøområdet. Det er ferjesamband til Danmark, Sverige, Finland, Litauen og Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Mecklenburg (Mikelenburg) opptrer første gongen i kjelder frå året 995. Det var då ei slavisk borg i det noverande Dorf Mecklenburg ved Wismar, og tydde «store borga». Namnet vart i den følgjande tida brukt av den slaviske fyrsteslekta som herska i området.

Frå 1352 var det eit hertugdømme under namnet Mecklenburg-Schwerin innanfor Det tysk-romerske riket.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Mecklenburg ligg Universität Rostock (grunnlagt 1419), det eldste universitetet i Nord-Europa. Dessutan finst det i Rostock ein høgskule for musikk og teater.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Mecklenburgs språk blir kalla Mecklenburger Platt, og er ein austnedertysk dialekt. Det blir likevel brukt hovudsakleg høgtysk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]