Megalaimidae
| Megalaimidae | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Piciformes | |
| Familie: | Megalaimidae | |
| Slekter | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Megalaimidae
Blyth, 1852
|
||
Megalaimidae er ein fuglefamilie som samlar asiatiske skjeggfuglar, og er ein biologisk familie av 26 artar skjeggfuglar som lever i skogshabitat i området frå Tibet til Indonesia.
Alle medlemmer av familien er plassert i slekta Megalaima, unntaka er brunskjeggfugl, Calorhamphus fuliginosus og raudbustskjeggfugl, Psilopogon pyrolophus. Mangfaldet er konsentrert rundt den malaysiske halvøya og Sumatra.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Dei er som regel fyldige i kroppsforma, med store hovud og tjukke nebb omkrinsa av fjørbust. Himalayaskjeggfugl på ca. 210 gram og 33 centimeter er den største av artane, og blant slektningane sine faktisk berre overgått i storleik av nokre tukanar.
Foto: CharlesLam
I regelen lever asiatiske skjeggfuglar inne i skogshabitat. Ein art, smedskjeggfugl, er tilpassa livet i utkanten av skog og inne i krattskog. Dei lever hovudsakleg som einslege fuglar, føda er insekt og frukt. Det er generelt ikkje mykje kontakt mellom asiatiske skjeggfuglar og menneske. Nokre artar, som himalayaskjeggfugl og stripeskjeggfugl raidar plantasjar og frukthagar, særleg i India, og det er litt fangst til handel av burfuglar på grunn av fine fargeteikningar i fjørdrakt.
Sjølv om ingen av dei asiatiske skjeggfuglane blir rekna som trua, er fleire artar kjente for å vere intolerant av avskoging og krev gammal skog for å trivast. Til dømes, av opphavlege artar i Singapore, er det no berre raudkroneskjeggfugl som er tolerant for skog i gjenvekst, og dessutan finst smedskjeggfugl der, som har utvida distribusjonen sin og kolonisert Singapore frå 1960.
Taksonomi [endre]
Slektene i Megalaimidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa til slektene i Asia.
Artslista [endre]
Asiatiske skjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. [2]
Slekt Calorhamphus
- Brunskjeggfugl, Calorhamphus fuliginosus
Slekt Psilopogon
- Raudbustskjeggfugl, Psilopogon pyrolophus
Slekt Megalaima
- Himalayaskjeggfugl, Megalaima virens
- Raudgumpskjeggfugl, Megalaima lagrandieri
- Brunhovudskjeggfugl, Megalaima zeylanica
- Stripeskjeggfugl, Megalaima lineata
- Kvitkinnskjeggfugl, Megalaima viridis
- Grønkinnskjeggfugl, Megalaima faiostricta
- Brunstrupeskjeggfugl, Megalaima corvina
- Gullkinnskjeggfugl, Megalaima chrysopogon
- Raudkroneskjeggfugl, Megalaima rafflesii
- Raudstrupeskjeggfugl, Megalaima mystacophanos
- Bandskjeggfugl, Megalaima javensis
- Gulpanneskjeggfugl, Megalaima flavifrons
- Gulstrupeskjeggfugl, Megalaima franklinii
- Svartbrynskjeggfugl, Megalaima oorti
- Manglar namn på norsk: Megalaima annamensis
- Manglar namn på norsk: Megalaima faber
- Manglar namn på norsk: Megalaima nuchalis
- Blåstrupeskjeggfugl, Megalaima asiatica
- Blåkinnskjeggfugl, Megalaima incognita
- Bergskjeggfugl, Megalaima monticola
- Gulbrynskjeggfugl, Megalaima henricii
- Armillaskjeggfugl, Megalaima armillaris
- Gullnakkeskjeggfugl, Megalaima pulcherrima
- Blåøyreskjeggfugl, Megalaima australis
- Fagerskjeggfugl, Megalaima eximia
- Flammeskjeggfugl, Megalaima rubricapillus
- Smedskjeggfugl, Megalaima haemacephala
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Megalaimidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2011
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)