Spekkhoggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spekkhoggar

Status i verda: Utilstrekkeleg data
Status i Noreg: LC Livskraftig

JumpingOrca.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Cetacea
Familie: Delphinidae
Slekt: Orcinus
Art: O. orca
Vitskapleg namn
Orcinus orca

Spekkhoggar, vagn eller staurkval (Orcinus orca) er ein tannkval i delfinfamilien. Han kan verte om lag 10 meter lang og vege 10 tonn. Ein spekkhoggar kan ete 100 kilo fisk om dagen.

Spekkhoggar i Tysfjord.

Spekkhoggaren er det mest utbreidde av sjøpattedyra. Han er mest vanleg tempererte, kystnære farvatn, særleg i nordområda, men er å finna i alle typar farvatn.

Spekkhoggar samanlikna med menneske.
Spekkhoggar, staurkval, vagn
Namn på andre språk
Norrønt Vǫgn, vǫgnhvalr
Svensk Späckhuggare
Dansk Spækhugger
Engelsk Killer whale, orca, blackfish
Tysk Großer Schwertwal, Killerwal, Mörderwal
Fransk Orque, épaulard
Spansk Orca
Russisk Kosatka (Косатка)

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Spekkhoggaren er kjend for det særprega svarte og kvite mønsteret sitt. Størsteparten av dyret er svart medan teikningane er kvite, i nokre høve med innslag av gulkvitt eller raudgult, særleg i hovudregionen. Han har ein større kvit flekk bak kvart auge. Halsen og buksida er for det meste kvit eller gulkvit. Fargemønstret og ryggfinnen er unike for kvart individ.

Ein vaksen spekkhoggarhann kan bli opptil 9,5-10 meter lang og veg opp mot 8 tonn (6 tonn er normalt), spekkhoggarhoa er noko mindre og blir opptil 8,5 meter lang og veg gjerne ca. 5 tonn. Det gjer spekkhoggaren til den største av alle delfinar. Spekkhoggeren har også den høgaste finnen av alle kvalar, med ei høgd på opptil 2 meter hjå hannar.

Hoene kan bli opp mot 80-90 år gamle, sjølv om 50 år er meir normalt. Hannane kan bli 50-60 år gamle, men det normale er rundt 30 år.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Spekkhoggaren jaktar på byttedyr som fisk, sel, skate og hai. Dei jaktar ikkje menneske, men det finst døme på at spekkhoggarar i fangenskap har skada eller drepe dyrepassarane sine.

Dei er rekna som ein toppkonsument sidan dei ikkje sjølv er byttedyr.

Dyra er svært sosiale, og lever gjerne i stabile familiegrupper rundt ein matriark.

Tal[endre | endre wikiteksten]

Det er usikkert kor mange spekkhoggarar som finst og fordi dyra lever spreidd i havet. Frå tidleg på 1970-talet har forskarar nytta fotoidentifikasjon for å finna ut meir om dette. Ein har gått ut frå at populasjonen har vore i attendegang siden 1800-talet. Reeves og Leatherwood[1] estimerte i 1994 at talet var på rundt 100 000 dyr, mens Forney og Wade[2] i 2006 hevda at talet var minimum 50 000 dyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reeves, R.R., and S. Leatherwood. 1994. «Dolphins, porpoises, and whales: 1994-1998 action plan for the conservation of cetaceans». IUCN, Gland, Switzerland.
  2. Forney, K.A., and P. Wade. 2006. «Worldwide distribution and abundance of killer whales». In: J.A. Estes, R.L. Brownell, Jr., D.P. DeMaster, D.F. Doak and T.M. Williams (eds.). «Whales, Whaling and Ocean Ecosystems». University of California Press, Berkeley, California. In Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spekkhoggar
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.