Metatese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Metatese viser til at to delar byter plass innan eit heile. Omgrepet blir brukt innan språkvitskap, der det viser til at fonem byter plass i eit ord, og i kjemi, der delar av stoff i ein reaksjon byter plass i endeproduktet.

Metatese i kjemi[endre | endre wikiteksten]

Ein generell metatesereaksjon kan skrivast slik:

A-B + C-D → A-D + C-B

Ein slik reaksjon kan til dømes skje mellom to uorganiske salt når eitt produkt er uløyseleg i vatn, til dømes:

AgN3(aq) + NaCl(aq) → AgCl(s) + NaNO3(aq)

I organisk kjemi er ein av dei viktigaste nye reaksjonane olefinmetatese, som ofte berre blir kalla 'metatese', og den liknande alkynmetatesen. I olefinmetatesen får ein metallkatalysator to delar av eit olefin til å bytta plassar, til dømes:

R1CH=CH2 + R2CH=CH2 → R1CH=CHR2 + H2C=CH2

Metatese i språk[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste forma for metatese i språk er når to fonem ved sida av kvarandre byter plass, som me kan sjå i dei norske orda «kors» og «kross». Det finst døme på ord som er utvikla gjennom metatese i mange språk. Nokre språk bruker til og med fenomenet som ein integrert del av språket.

I det austafrikanske språket fur vil eit verb som byrjar med ein konsonant mista denne eller gå gjennom metatese med vokalen ved sida dersom eit pronomen uttrykt ved ein konsonant (til dømes /j-/, andre person eintal eller /k-/ første person fleirtal) blir stilt føre det. Døme:

lem- (slikka) + K → K-elm-
ba- (drikka) + K → K-ab-
tuum- (byggja) + K → K-utum-

Metatese blir òg brukt som humor, til dømes ved at ein «bakkar snakkvendt» ved eit uhell eller med vilje.

Fenomenet er vanleg hjå ungar som til dømes kan seia «stølvar» heller enn «støvlar».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]