Michael Sars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Sars

Michael Sars (30. august 180522. oktober 1869) var ein norsk prest og naturvitskapsmann (zoolog). Forskingsfartøyet FF «Michael Sars» er oppkalla etter han.

Michael Sars vart fødd i Bergen i 1805, og døydde i Christiania i 1869. Han byrja på ei naturvitskapleg utdanning ved Universitetet i Christiania. Etter ei tid gjekk han over til å studera teologi. Som prest arbeidde han mellom anna på øya Kinn ved Florø og i MangerRadøy ved Bergen.

Samstundes med prestegjerninga dreiv han med marinbiologisk forsking. Han studerte dyra i havet med vekt på forplanting, utvikling og utbreiing. Han var mellom anna ein tidleg pioner innanfor studiet av nesledyr, der han var den første til å skildra livssyklusen til hydroidene. Sars beskreiv òg fleire artar kril, børstemakk og sniglar for første gong.

I 1835 publiserte han boka Beskrivelser og iagttagelser over nogle mærkelige eller nye i havet ved den bergenske kyst levende dyr. Boka og arbeidet med den, gjorde han internasjonalt kjend som naturforskar.

I 1854 vart han utnemnd til professor i zoologi ved Universitet i Christiania.

Saman med kona Maren (syster av diktaren Johan Sebastian Welhaven) fekk Michael Sars 14 born. Åtte av desse levde opp. Fleire av desse borna vart seinare vidgjetne i Noreg. Marinbiologen Georg Ossian Sars (1837–1927), og historikaren Ernst Sars (1835–1917) vart dei mest vidgjetne av borna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]