Midlandsnormalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Midlandsnormalen».

I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet, ettersom det var turvande med ein fast skrivemåte når det vart teke i bruk i skulen. Nemnda fekk tre medlemer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, bladstyrar for det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda samdest om alt bortsett frå endingsverket. Hægstad heldt fast på Aasen-normalen med nokre tiljenkingar.

Flo og Garborg la fram ein normal som bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, kjend som midlandsmåla, og denne normalen er derfor kalla midlandsnormalen. Framom alt var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet», som låg til grunn. I «Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne» (1899) skreiv Flo:

«Um nokon vilde meine at desse brigdi likevel er nye og urøynde i den norske bokheimen, so er ikkje de heller so. Dei er tvert um dei eldste aa rekne for, eldre og tidlegare røynde i skrift enn andre norske maalformir. I Landstads folkevisur vil ein finne deim alle saman. Og baade i desse og i all den rike maalskatt i same leid som er samla og utgjevin, vert dei vel i hovudsaki standande gjenom alle tidir. Her hev me daa de mest sjølvvaksne, aa kalle, i norsk bokrike aa byggje paa.»

Det kom til den skipnaden i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vera offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men midlandsnormalen skulle vera sideform som dei skulane som ville kunne nytta. Flo skreiv om denne ordninga i «Den 17de Mai», 20.07.1901:

«so lengi ikkje heile lande hev valt maalform, og so lengi de i bokheimen er strid um skrivemaaten, so bør ikkje skulestyre paa fyrihand slaa vestlandsformi fast anna enn til rettleiding. De kunde i de heile vera ymist vori aa stelle seg so, at midland og austland og nordanfjelskt hadde berre de eine vale: norskdanskt eller vestlands-norskt. Um ikkje midlandsformi vaar duger til anna, so vil ho staa der og vise, at de ikkje er meiningi aa slaa noko fast til landsmaal, fyrr lande i det heile hev havt tilføre til aa velja.»

Kjende skrivarar som har nytta midlandsnormalen er: Arne Garborg (hans «Skriftir i samling» kom omskrivne til denne normalen), Steinar Schjøtt (Snorre-omsetjinga 1900), Olav Aukrust, Alexander Seippel. Mange har au blanda inn drag frå midlandsnormalen i andre normalar.

Bøyingsverket[endre | endre wikiteksten]

Namnord[endre | endre wikiteksten]

Namnord i klassisk midlandsmål
eintal mangtal
ubd. bd. ubd. bd.
hankjøn hest hesten hestar hestane
hankjøn kvist kvisten kvistir kvistine
sterke hokjøn sol soli solir soline
sterke hokjøn bok boki bøkar bøkane
linne hokjøn vise visa visur visune
linne hokjøn viku viko vikur vikune
linne inkjekjøn auga auga augu augo
sterke inkjekjøn land lande land landi

Legg merke til jamvektformene av hokjøn på -u i ubunden form eintal. Endinga -ur vart nytta av mange som ikkje skreiv beint etter midlandsnormalen au. Etter kvart tok Garborg til å skrive stum t i -et i inkjekjøn.

Gjerningsord[endre | endre wikiteksten]

Det var kløyvd nemneform (infinitiv), soleis å tala, men å kaste.

Lagord[endre | endre wikiteksten]

Ein slitin hest, ei sliti merr, eit sliti hus, slitne folk.

Andre ordformer[endre | endre wikiteksten]

Fyri, yvi, lengi.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]