Mikkel Diskerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikkel Diskerud
Austria vs. USA 2013-11-19 (097).jpg
Personleg informasjon
Namn Mikkel «Mix» Morgenstar Pålssønn Diskerud
Fødselsdato 2. oktober 1990
Fødestad Oslo i Noreg
Høgd 184 cm
Kallenamn Mix
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Rosenborg
Draktnummer 42
Ungdomsklubb
-2005
2005-08
Noreg Frigg
Noreg Stabæk
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2008-12
2012
2012-
Noreg Stabæk
Belgia Gent (lån)
Noreg Rosenborg
81 (10)
2 (0)
40 (4)
Landslag**
2012
2010-
USA USA U23
USA USA
4 (1)
18 (3)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 28. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 29. mars 2014.

Mikkel «Mix» Morgenstar Pålssønn Diskerud (fødd 2. oktober 1990 i Oslo) er ein norsk fotballspelar med amerikansk familiebakgrunn. I 2014 spelar han for Rosenborg og for det amerikanske fotballandslaget. Han debuterte for seniorlaget til Stabæk i Tippeligaen i 2008, og blei seriemeister med same laget same året. Internasjonalt har han spelt både for norske og amerikanske ungdomslandslag, i tillegg til det amerikanske A-landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Diskerud starta karrieren i Frigg,[1] og blei oppdaga av Stabæk under ei turnering i Oslo.[2] Han blei henta til G15 Elite-laget deira i 2005, og bytte skule frå Oslo Handelsgymnasium til Norges Toppidrettsgymnas i 2007.[1] I 2006 spelte han regelmessig for Stabæk sitt andrelag,[3] i 2.divisjon. I 2008 hjelpte han òg klubben sitt juniorlag med å vinne Noregsmeisterskapen for junior.[4]

Han debuterte for A-laget i 2008 og fekk NFF sin pokal for 2. plass i senior-NM same året. Under La Manga Cup i 2009 skåra han etter to minutt i den første kampen sin det året han blei profesjonell spelar.[5] Han kom òg inn som innbyttar under Superfinalen 2009 og vann mot Vålerenga, éi veke før seriestart.[6] Han starta opningskampen på benken, men i den andre kampen mot Brann, fekk han Tippeliga-debuten sin for Stabæk sitt A-lag. Han kom inn som innbyttar ti minutt før full tid, og i det 84. minutt utlikna han for Stabæk. Kampen enda 1–1.[7] Ingen Stabæk-spelarar har før skåra så raskt etter Tippeliga/Eliteserie-debuten sin, og Diskerud sletta med dette den førre rekorden, som Martin Andresen hadde.

Diskerud signerte for Rosenborg 9. august 2012.[8]

Internasjonal karriere[endre | endre wikiteksten]

Diskerud har amerikansk mor og kunne derfor velja å representera både Noreg og USA.[2] I april 2008 spelte han ei turnering for det amerikanske U20-landslaget,[9] der han hadde tre assists mot Nord-Irland.[10] Allereie ein månad seinare spelte han for det norske U18-landslaget mot USA.[11] I 2009 spelte han for det norske U19-landslaget.[12] I juni 2009 spelte han igjen for det VM-klare, amerikanske U-20-laget mot Egypt i Alexandria. Han skåra det einaste målet i kampen og fekk tittelen "Man of the Match" frå egyptisk TV (Nile Sports and Nile Tv). Han spelte den første europacupkampen sin for klubblag 15. juli 2009 som 18-åring i 2. runde av Champions League for Stabæk mot Tirana i Albania. Han tok del i U-20-VM i Egypt for USA i kampane mot Tyskland og Sør-Korea.

17. november 2010 spelte han sin første landskamp for USA sitt A-landslag i Nelson Mandela Challenge Cup i Cape Town Stadium mot Sør-Afrika og spelte der fram den målgivande pasninga til den einastse skåringa i kampen, av Juan Agudelo, som med dette blei USA sin yngste målskårar i ein A-landskamp nokonsinne.

I 2014 vart han tatt ut i USA sin tropp til fotball-VM i Brasil, der han var unytta reserve.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tveit, Morten (23. april 2008), Mikkel Diskerud på landslaget, Stabæk Fotball, http://www.stabak.no/content/view/2688/414/, henta 23. mars 2009 
  2. 2,0 2,1 Vik, Marius (6. februar 2009), Stortalent kan droppe Norge, http://www.nettavisen.no/sport/fotball/tippeligaen/article2530755.ece, henta 23. mars 2009 
  3. Øen, Sindre (10. juni 2006), Stabæk 2 stjal poeng, http://www.budstikka.no/sec_sport/sec_fotball/article90026.ece, henta 23. mars 2009 
  4. Stabæk norgesmestere, 1. november 2008, http://www.budstikka.no/sec_sport/sec_stabaek/article208082.ece, henta 23. mars 2009 
  5. Strømnes, Andre (2. februar 2009), Diskerud helt i skyene, http://www.budstikka.no/sec_sport/sec_stabaek/article225530.ece, henta 23. mars 2009 
  6. Lyngøy, Roar (8. mars 2009), - Ordentlig klønete. Urutinert., http://www.dagbladet.no/2009/03/08/sport/fotball/tippeligaen/stabek/valerenga/5194507/, henta 23. mars 2009 
  7. Hoff, Jørgen Bohnhorst (22. mars 2009), Sjokkert Stabæk-helt, http://fotball.aftenbladet.no/eliteserien/article133067.ece, henta 23. mars 2009 
  8. RBK.no – Det var et enkelt valg (Av Jørgen Stenseth. Publisert og besøkt 9. august 2012)
  9. Dale, Richard Sveaas (18. april 2008), Suksess for Diskerud, http://www.budstikka.no/sec_sport/sec_stabaek/article175216.ece, henta 23. mars 2009 
  10. U.S. Under-20 MNT Evens Record at Campos Verde International With 3-0 Win Over Northern Ireland, United States Soccer Federation, 16. april 2008, http://ussoccer.com/articles/viewArticle.jsp_6094863.html, henta 23. mars 2009 
  11. Aas, Erlend M. (21. mai 2008), Berget senket USA, Norges Fotballforbund, http://www.fotball.no/t1.aspx?p=51831&x=1&a=226988, henta 23. mars 2009 
  12. Madsen, Christer (11. mars 2009), - Vi er i rute til EM-mellomspillet, Norges Fotballforbund, http://www.fotball.no/t1.aspx?p=51831&x=1&a=245845, henta 23. mars 2009 
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 6. juni 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mikkel Diskerud