Stabæk er ein fotballklubb frå Bærum kommune. Klubben vart stifta i 1912. Etter 10 år på rad i Tippeligaen rykte Stabæk ned i 1. divisjon i sesongen 2004 etter å ha enda nest sist. Stabæk rykte rett opp att til Tippeligaen igjen i 2005.
Stabæk er vorte kalla ein oskeladd i norsk toppfotball. Ei gruppe næringslivsleiarar og reklamefolk, mellom anna Ingebrigt Steen Jensen, samla seg på slutten av 1980-talet med mål om å gjera Stabæk til ei stormakt i norsk fotball. På kort tid rykte Stabæk oppover i divisjonane, etter å ha vore nede i 4. divisjon.
Laget har ein gullmedalje (Tippeligaen 2008), sølvmedalje (Tippeligaen 2007), to bronsemedaljar frå (1998 og 2003), og var vinnar av Adeccoligaen (1. divisjon) 2005. Stabæk blei noregsmeister 1998 då dei slo Rosenborg 3-1 i cupfinalen på Ullevål. I 2008 tok laget andreplassen i NM bak Vålerenga.
Kjende spelarar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
| Stabæk – spelarstallen 2012 |