Mikkel Dobloug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikkel Dobloug (fødd 7. juli 1944) er ein tidlegare kombinertrennar frå Vang på Hedmark. Han vart noregsmeister i øvinga i 1966, og sigra i kombinert i Svenska skidspelen både i 1966 og -67. Dobloug representerte Vang Skiløperforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dobloug overraska stort i Lahti-spelen i 1964, der han vart nummer to etter landsmannen Arne Larsen. Bak seg på resultatlista hadde han mellom andre både Tormod Knutsen og Georg Thoma, ferske gull- og sølvvinnarar frå vinter-OL 1964 i Innsbruck. Sesongen etter vart det nye andreplassar på Dobloug, fyrst i noregsmeisterskapen der Larsen vart for sterk, og sidan i Holmenkollen der Dobloug slo Larsen med vel eitt poeng, og Georg Thoma vann rennet.

Dobloug vann kombinert i NM på ski i 1966. Same året vann han kombinertøvinga under Svenska skidspelen, ei bragd han gjentok året etterpå. Elles i 1967-sesongen vart han nummer to i noregsmeisterskapen, nummer tre i Lahti og nummer fire i Holmenkollen.

Han deltok i verdmeisterskapen i Oslo i 1966 og vart beste nordmann i kombinert med ein sjuandeplass. To år seinare var han på plass i Grenoble. Atter vart han beste nordmann i kombinertøvinga, men hamna på 21. plass i den olympiske tevlinga. Alle dei norske kombinertrennarane bomma fullstendig på smurninga i langrennet.

Dobloug slutta tevla i skiløypa og hoppbakken i 1970.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 2 i Lahti
  • 1965: Nr 2 i Holmenkollen og nr 4 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1966: Vinnar av Svenska skidspelen i Umeå
  • 1967: Vinnar av Svenska skidspelen i Falun, nr 3 i Lahti og nr 4 i Holmenkollen
  • 1968: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun, nr 5 i Lahti og nr 8 i Holmenkollen
  • 1969: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1964: Nr 6 på Voss
  • 1965: Sølvmedalje
  • 1966: Gullmedalje
  • 1967: Sølvmedalje
  • 1968: Sølvmedalje i Ørskog
  • 1969: Sølvmedalje på Raufoss
  • 1970: Nr 5 i Trondheim

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Mikkel Dobloug – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.