Vinter-OL 1964

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 9. olympiske vinterleikane
Deltakande nasjonar 36
Deltakarar 1091 (892 menn, 199 kvinner)
Øvingar 34 i seks idrettsgreiner
Opningsseremoni 29. januar 1964
Avslutningsseremoni 9. februar 1964
Offisielt opna av Adolf Schärf

Vinter-OL 1964 vart arrangert i i Innsbruck i Austerrike.

36 nasjonar deltok i leikane. OL-dronning vart Lidija Skoblikova, Sovjetunionen, med fire gull på skøytebanen. Sovjetunionen var opplagt den beste nasjonen med heile 11 gullmedaljar. Noreg fekk med seg tre gullmedaljar heim. Tormod Knutsen vann kombinert, Toralf Engan vann storbakkerennet i skihopp, mens Knut Johannesen vann 5000-meteren på skøyter.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var, som i 1960, Knut Johannesen, som deltok på skeiseløp. Han er den einaste norske utøvar i vinter-OL som har vore flaggberar ved to olympiske leikar.

Idrettsgreiner[endre | endre wikiteksten]

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei 10 beste nasjonane:

Vinter-OL 1964
Plass Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1 Sovjetunionen 11 8 6 25
2 Austerrike 4 5 3 12
3 Noreg 3 6 6 15
4 Finland 3 4 3 10
5 Frankrike 3 4 0 7
6 Tyskland¹ 3 3 3 9
7 Sverige 3 3 1 7
8 USA 1 2 3 6
9 Nederland 1 1 0 2
10 Canada 1 0 2 3

Forbundsrepublikken Tyskland og DDR deltok som eit enkelt lag i vinter-OL 1956, 1960 og 1964. Dette hadde samanheng med at det ikkje var dei vestallierte sin intensjon å splitte landet)