Tormod Knutsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tormod Knutsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1932
Eidsvoll kommune
Død

23. februar 2021 (89 år)
Eidsvoll kommune

Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1956, Nordic combined at the 1960 Winter Olympics, Nordic combined at the 1964 Winter Olympics

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Tormod Kåre Knutsen (7. januar 193223. februar 2021) var ein norsk kombinertrennar frå Eidsvoll som vann den olympiske gullmedaljen i kombinert under OL 1964 i Innsbruck. Han tok elles OL-sølv i 1960 og vart fire gongar noregsmeister i kombinert i tida 1959-64. Knutsen, som var medlem av Eidsvold Værk Skiklubb, vann kombinert-øvinga i Holmenkollen i 1958 og i Svenska skidspelen både i 1959 og -60.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Knutsen vart noregsmeister i hopp for juniorar i 1950. Ettersom han dei neste sesongane ikkje makta nå noregstoppen i skihopp, satsa han frå 1955-sesongen på kombinertøvinga. I sin fyrste sesong tok han bronsen i noregsmeisterskapen, berre slått av Sverre Stenersen og Gunder Gundersen, dei to utøvarane som året før og i same rekkefylgje toppa resultatlista i verdsmeisterskapen på ski i Falun.

Knutsen deltok i 1956 i sitt fyrste av tre vinter-OL og kom på sjetteplass. Same sesongen vart det NM-sølv og andreplass i Lahti-spelen, begge gongane vart han slått av olympiameisteren Sverre Stenersen. Knutsen vart i 1958 nummer ni ski-VM i Lahti, men vann så sin fyrste store siger då han gjekk til topps i Holmenkollrenna. Året etter vart han noregsmeister i kombinert og vann øvinga i Svenska Skidspelen.

Under dei olympiske leikane i Squaw Valley i 1960 nådde Knutsen eit førebels høgdepunkt då han fekk sølvmedaljen i kombinert, berre slått av tyskaren Georg Thoma. Seinare i sesongen vann Knutsen kombinert i noregsmeisterskapen og tok sølv i hopptevlinga. Også i Svenska Skidspelen vart det siger.

Før 1962-sesongen vart den tidlegare OL-vinnaren Sverre Stenersen trenar for dei norske kombinertrennarane, og Gunder Gundersen tilsett som lagleiar. Denne satsinga gav full utteljing då Arne Larsen vart verdsmeister i Zakopane, med Ole Henrik Fagerås på bronseplass og Knutsen på fjerdeplass. Knutsen vann i 1963 sitt tredje og i 1964 sitt fjerde NM-gull i kombinert. Under dei olympiske leikane i Innsbruck i 1964 oppnådde han sitt absolutte høgdepunkt som kombinertrennar. Her vart han olympiameister i nordisk kombinert med stor margin.

Knutsen vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1960. Han la opp i 1964.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Nr 2 i Lahti. Nr 6 i vinter-OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1958: Vinnar i Holmenkollen, nr 9 i ski-VM i Lahti
  • 1959: Vinnar i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1960: OL-sølv i Squaw Valley. Vinnar i Svenska Skidspelen i Transtrand
  • 1961: Nr 2 i Falun, nr 3 i Holmenkollen og nr 4 i Lahti
  • 1962: Nr 2 i Falun og i Holmenkollen, nr 3 i Lahti og nr 4 i ski-VM i Zakopane
  • 1963: Nr 2 i Holmenkollen og nr 3 i Falun
  • 1964: Olympiameister i Innsbruck. Nr 3 i Svenska Skidspelen i Kiruna

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Tormod Knutsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • (en) Tormod Knutsen – Profil og resultatoversikt hos FIS