Millefiori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvkuleforma brevpresse framstilt i millefioriteknikk i ei tid då breva låg i bunkar på skrivebordet, ikkje som komprimerte e-postfilar i ei datamaskin.

Millefiori, frå italiensk for 'tusen blomar', er glasgjenstandar pryda med mønster og figurar som vert laga ved at oppkutta, tynne stavar av glas i ulike fargar vert smelta saman på eit vis som gjer at tverrendene av stavane dannar mønster i sjølve glaset som gjenstandane er laga av. Teknikken er kjend frå gamal tid i Egypt og frå Romarriket, hadde ei blømingstid i Venezia på 1500-talet, og vart populær att på 1800-talet.

Millefioriteknikken vart kjend i Skandinavia i jarnalderen i form av importerte glasperler til halsband. Det er gjort mange funn av slike perler i Noreg, tidfesta til perioden frå om lag år 700 og fram i vikingtida. I den seinare halvparten av jarnalderen og i vikingtida vart perler i millefiori laga her i nord òg, ikkje berre importert, slik det er stadfesta ved arkeologiske funn av materialar og reiskap i Lundeborg sør på Fyn i Danmark, i Åhus i Sverige og på eit landbruksområde i nærleiken av byen Larvik i Vestfold, der Kaupang i Skiringssal låg i si tid.

«Millefiori» er ei nemning som òg vert nytta om ein type tøy med mønster i form av ei mengd mangefarga småblomar. Men mille-fleurs, 'tusen blomar' på fransk, er nemninga for ein særskild type biletvevnad (veggteppe) frå slutten av mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Millefiori