Kaupang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kaupang er eit norrønt ord for handelsstad. Ordet har i eldre tider vorte nytta om stader eller byar der det går føre seg verksemd knytt til handel, og har fleire stader rett og slett vorte eit stadnamn.

Det finst fleire stader i Noreg som kunne verta kalla Kaupang. Kaupang i Tjølling, Kaupanger i Sogn, Koppang i Østerdalen, Kaupangen i Trøndheimen, Borgundkaupangen på Sunnmøre og Hamarkaupangen.

Ordet tilsvarar det svenske ordet «köping». Jamfør òg kaupunkifinsk, som tyder by.

Historiske kaupangar[endre | endre wikiteksten]

Kaupang i Skiringssal i Vestfold fylke er rekna som den eldste bydanninga i Noreg frå kring 800. Ikkje langt frå byen, på ei forhøgning i landskapet på Huseby, vart det under dei arkeologiske utgravningane avdekt restane av ein gildehall. Arkeologane meiner at dette var den sagnomsuste Skiringssal, bygd av dei første Ynglingekongane som kom frå Sverige til Noreg. Gildehallen er konstruert på same måte som i Uppsala-området, og er den einaste i sitt slag som er funne i Noreg. Kaupang-byen vart bygd opp i vikingtida og låg ikkje langt frå Gokstad sør i fylket. Ved Gokstad fann ein på 1800-talet Gokstadskipet i ein gravhaug.

Andre tilsvarande byar i Norden var Birka (kring 750) i Mälaren og Köping (Kaupang) på Öland (kring 700) i Sverige, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.

Eit sams drag ved byane var at dei låg godt plassert i høve til transport. Byane låg gjerne ved ei elv, med tilgjenge til ei god hamn ut mot havet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]