Milly Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milly Bergh

Fødd1. oktober 1860
FødestadHorten kommune
Død10. november 1937 (77 år)
DødsstadOslo
Verka somsongar, pianist, journalist, skribent, skodespelar
MorJulie Ihlen
FarNils Ihlen
EktefelleCarl Thaulow, Ludvig Bergh

Andrea Fredrikke Emilie «Milly» Ihlen, òg kjend som Milly Thaulow og Milly Bergh (1. oktober 18601937) var ein norsk skodespelar og operettesongar, seinare journalist, matskribent og motekåsør. Ho opptredde òg som pianist og songar, og gav dessutan ein periode songundervising. Ho utmerkte seg òg som kvinnesakaktivist.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Milly Bergh var dotter av admiralen og den første direktøren for klassifiseringsselskapet Det Norske Veritas, Nils Ihlen (1824–1905), og dyrevernforkjemparen Julie Fredrikke Ihlen f. Nicolaysen (1840-1922). Ho vart gift 25. juni 1881 med legen og sanitetskapteinen Carl Thaulow (1851-1915), bror av kunstmålaren Frits Thaulow. Ekteskapet vart oppløyst 4. april 1891. Ho vart gift for andre gong den 14. mai 1891 med skodespelaren Haakon Ludvig Bergh (1865-1924). Ekteskapet vart oppløyst 30. mai 1911. Dottera Julie Anna Johanne Bergh (1890-1962) vart gift med skodespelaren Hans Bille.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Milly Bergh vart som ung kjend som modell for fleire motebilete, noko som var ganske uvanleg for ei admiraldotter. Ho vart ein kjend skikkelse i det øvre sjiktet av selskapslivet i Kristiania. Sommaren og hausten 1885 hadde ho eit forhold til Edvard Munch, medan ho enno var gift med Carl Thaulow, og ho blir rekna som den første store kjærleiken til Munch. Det havarerte forholdet dannar bakteppe for Munch sitt måleri Livets dans (1899-1900).

Milly gav songundervising i Kristiania i 1887-1888, og då ho var vorten gift med Ludvig Bergh, opptredde ho fleire gonger saman med han, både som songar og som pianist.

I 1893 gjennomføra ho den såkalte Milly Bergh-turneen, der ho framførte konsertar og operettar. I første halvdel av 1890-åra var ho knytt til Carl Johan Teateret på Christiania Tivoli, men etter skilsmissa frå Bergh opphøyrde sceneaktiviteten.

Milly Bergh vert rekna blant Noregs første mote- og matskribentar. I tillegg til å ha forfatta boka Morsom mat, omsette ho i 1906 Maurice Maeterlinck sitt Pelléas et Mélisande til norsk.

Rollar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Therese Valbrezque, kullhandlerske i Gilles operette Kulhandlerne (Milly Bergh-turneen, 1893)
  • Evrydike i Orfeus i Underverda av Jacques Offenbach (Carl Johan Teateret, 1893, og dessutan i København)
  • Melanie von Stanislewska i lystspelet Ein Lurifas (Carl Johan Teateret, 1893)
  • Fru Dahl i operetten Dragon Clairette (Carl Johan Teateret, 1894)
  • Kammerjomfrua i lystspelet Dei raude Dominoane (Carl Johan Teateret, 1894)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1921: Morsom mat, Gyldendal

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 22. ISBN 8200056228

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Milly Bergh