Moon River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moon River
Song av Audrey Hepburn
frå albumet Breakfast at Tiffany's: Music from the Motion Picture
Utgjeve 1993
Innspelt 1961
Sjanger Easy listening
Lengd  :
Selskap RCA Victor Records
Låtskrivar(ar) Johnny Mercer

«Moon River» er ein song med melodi av Henry Mancini og tekst av Johnny Mercer. Han vann Oscarprisen for beste song for den første framføringa av songen av Audrey Hepburn frå filmen Breakfast at Tiffany's frå 1961.[1] Mancini vann òg Grammyprisen for årets innspeling i 1962 og Mercer fekk prisen for årets song.[2] Sidan originalen har songen vorte spelt av mange andre artistar.

Han vart kjenningsmelodien for Andy Williams, som først spelte han inn i 1961 og framførte han på Oscarutdelinga i 1962. Han song dei første åtte taktane i byrjinga av The Andy Williams Show og kalla produksjonsselskapet og studioet i Branson i Missouri, opp etter songen. Williams-versjonen gjekk aldri inn på noko liste, utanom på albumet, som han spelte inn for Columbia i 1962. Direktøren i Cadence Records, Archie Bleyer, mislikte versjonen til Williams, som Bleyer trudde apellerte dårleg for tenåringar.

Songen var med på å gje karrieren til Mercer eit nytt spark, etter at han i 1950-åra hadde vorte sett til sida då rock and roll erstatta jazzstandardar som popmusikken på den tida.

Ei bukt nær Savannah i Georgia, heimbyen til Johnny Mercer, vart kalla Moon River til ære for han og songen.[3]

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Originalen[endre | endre wikiteksten]

Mercer og Mancini skreiv songen for Audrey Hepburn i hennar stemmeregister. Teksten starta først med «I'm Holly, like I want to be / like Holly on a tree back home ...», men dette vart seinare endra til å passe temaet i filmen Breakfast at Tiffany's.

Sjølv om ein instrumentalversjon vart spelt under opningsteksten i filmen, vart etkstne først høyrt i ein scene der Paul «Fred» Varjak (George Peppard) oppdagar at Holly Golightly (Hepburn) syng dei, akkompagnert av ho sjølv på gitar.

Hepburn-versjonen vart ikkje med på det første filmmusikkalbumet. I staden vart albumversjonen spelt inn av Mancini og koret hans gjeve ut som ein singel og nådde 11. plassen på singellista i Storbritannia. Berre månader etter Hepburn døydde i 1993 vart versjonen hennar gjeven ut på eit album kalla Music from the Films of Audrey Hepburn

«Moon River» vart òg nytta i filmen Born on the Fourth of July og i sjette sesongen av Mad Men, episode 13 «In Care Of».[4]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Moon River» vart ein hitsingel for Jerry Butler seint i 1961, og nådde 11. plassen på Billboard Hot 100 i desember,[5] to veker før Mancini oppnådde same plassering. På andre sida av Atlanteren spelte den sørafrikanske songaren Danny Williams inn songen og hadde ein hitversjon som nådde toppen av singellista i Storbritannia den siste veka i 1961.[1] Sjølv om Andy Williams aldri gav ut songen som singel nådde albumet hans Moon River and Other Great Movie Themes, som kom ut i våren 1962, gullplate i oktober 1963 for å ha seld over 1 million kopiar.[6]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Art Blakey & The Jazz Messengers (instrumental), Aretha Franklin, Ann-Margret i 1962, Jonny Fair (Live), Lena Horne, Nico Fidenco på italiensk (1962), Joni James (1963), Jay and the Americans (1962), Pat Boone (1963), Bobby Solo på italiensk (1966), The Afghan Whigs,[7]Herb Alpert & the Tijuana Brass (instrumental, 1969)[8] Paul Anka, Blake, Louis Armstrong, Vic Damone, Billy Stewart i 1965, Bobby Vinton i 1965, Vince Guaraldi, Beru Revue, Mary Black, Sarah Brightman, Liz Callaway, Perry Como, Ben E. King, Ray Conniff, Bobby Darin, Ania Dabrowska, Dr. John, Dump, Billy Eckstine, The Four Freshmen, Connie Francis, Bill Frisell (instrumental), Emi Fujita, John Frusciante, Vincent Gallo, Judy Garland, Nora Aunor (live),PJ Harvey, Duane Eddy (instrumental i 1962), Karel Gott, Grant Green (instrumental), Patty Griffin, The Innocence Mission (denne versjonen vert stundom feilaktig tilskriven Milla Jovovich), Josh Ritter i ein akustisk innspeling for nettsida Daytrotter,[9] Bradley Joseph (instrumental), Kim Yoo-jin, James Last, Trini Lopez, Lisa Ono, Joey McIntyre, The Bob Crewe Generation, Johnny Mathis, Brad Mehldau, The Three Tenors, Jane Monheit, Morrissey, Willie Nelson, Patsy Ann Noble, Eddi Reader, Jim Reeves, John Barrowman, John R. Barratt, R.E.M., Katie Melua, Andrea Ross, Eartha Kitt, Shirley Bassey, Frank Sinatra, The Killers, Rod Stewart, Barbra Streisand for The Movie Album (2003), Sarah Vaughan, Nan Vernon, Kid Koala, Westlife, Victoria Williams, The Divine Comedy, Tata Young, Tommy Emmanuel (2010), Helmut Lotti, Chiara Civello, Christine Collister, Diana Panton, Oscar Peterson (solopiano), Hirai Ken, Rumer, Kazumasa Oda, Khalil Fong, Royce Campbell og Susanne Sundfør.

Mercer spelte sjølv inn songen i 1974 for albumet hans My Huckleberry Friend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 135. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. «Moon River by Henry Mancini». songfacts.com. http://www.songfacts.com/detail.php?id=676. 
  3. Bartlett, James C., and Snelus, Paul; Snelus, Paul (September 1980). «Lifespan Memory for Popular Songs». The American Journal of Psychology (University of Illinois Press) 93 (3): 551–560. doi:10.2307/1422730. JSTOR 1422730. 
  4. «Season Finale Review: Mad Men · «In Care Of" (Both Sides Now)», Hitfix: What's Alan Watching?, June 2013, http://www.hitfix.com/whats-alan-watching/season-finale-review-mad-men-in-care-of-both-sides-now 
  5. «Hot 100 for Week Ending December 17». Billboard Music Week. December 11, 1961. 
  6. [[[:Mal:Certification Cite/URL]] «Mal:Certification Cite/Title»]. Recording Industry Association of America. Mal:Certification Cite/URL. Henta 21. september 2013. 
  7. The Cover Connoisseur (2011-01-14). «The Cover Connoisseur – Your Huckleberry Friend». http://synconation.com/misc/the-cover-connoisseur-your-huckleberry-friend/. 
  8. A&M album SP 4228, "The Brass Are Comin'," A&Mania
  9. Sean Moeller (2010-04-12). «Stories Of American Majesty And Wandering». Arkivert frå originalen den ?. http://www.daytrotter.com/#!/concert/josh-ritter/20030754-19717. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]