Eddi Reader

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eddi Reader

Fødd29. august 1959 (64 år)
FødestadGlasgow
FødenamnSadenia Reader
OpphavSkottland, Storbritannia
Aktiv1984–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapRCA Records
Verka sommusikar, songar, låtskrivar
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Sadenia «Eddi» Reader MBE (fødd 29. august 1959)[1] er ein skotsk songar og låskrivar som er kjend som songar for Fairground Attraction og for sin eigen solokarriere. Ho har vunne tre BRIT Awards. I 2003 bidrog ho til ny merksemd kring den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Reader blei fødd i Glasgow i Skottland som dotter av ein sveisar, og den eldste av sju barn.[2] Bror hennar Francis er vokalist i gruppa The Trash Can Sinatras. Bestemor hennar, Sadie Smith, var ein tidleg kvinnelegskotsk fotballspelar.[3] Reader fekk kallenamnet Edna av foreldra. Familien budde fyrst i distriktet Anderston, i ein høghusslum som blei riven i 1965. Deretter flytta han til ein toromsleilegheit i byggjefeltet Arden.[4]

I 1976 blei familien flytta til ein større bustad 25 mile frå Glasgow, i eit kommunalt utbyggingsområde i Irvine i North Ayrshire. Reader vende tilbake til Glasgow, der ho budde hjå bestemor si i Pollok, for å gjera ferdig grunnskulen.[5][6] Ho byrja spela gitar som tiåring, og var gatemusikant, fyrst i Sauchiehall Street i Glasgow, så tidleg i 1980-åra i London og rundtom i Europa, der ho også arbeidde med sirkus- og andre gateunderhaldarar.

Etter at Reader vende tilbake til Skottland fann ho fabrikkarbeid i Irvine og deltidsarbeid i Sirocco Recording Studio i Kilmarnock. Ho svarte på ein annonse i musikkpressa og drog til London for å spela audition for og bli med i post-punk-gruppa Gang of Four, som trengte ein backingsongar til ein opptreden på musikkshowet The Old Grey Whistle Test på BBC og på den britiske turneen sin. Deretter blei ho med gruppa på turne i USA. Tilbake i Storbritannia og ute av gruppa byrja Reader å arbeida som session-songar i London, med jobbar som å synga jinglar for radioreklamar og som songar med Eurythmics, The Waterboys, Billy MacKenzie, John Foxx og Alison Moyet.[7]

Fairground Attraction[endre | endre wikiteksten]

I 1984 kom Reader tilbake til Storbritannia frå Paris, der ho hadde arbeidd som songar for komponisten Vladimir Cosma. Gjennom kontakt med blåsargruppa The Kick Horns, som også var sessionspelarar, fekk ho kontrakt med EMI, og spelte inn to singlar med discogruppa Outbar Squeek. På rundt same tid møtte ho Mark E. Nevin, ein gitarist og låtskrivar frå gruppa Jane Aire and the Belvederes, og bad han skrive for henne. Dei spelte inn to songar som The Academy of Fine Popular Music. Seinare skipa dei gruppa Fairground Attraction i lag med Simon Edwards (på guitarrón, ein mexicansk akustisk bassgitar) og Roy Dodds (perkusjon). I 1988 skreiv gruppa kontrakt med RCA/BMG og gav ut sin fyrste singel, "Perfect", som blei ein topphitt Storbritannia.[8] I tillegg til å nå fyrsteplassen på topplista vann han prisen som beste singel ved BRIT Awards i 1989. Det fyrste albumet til gruppa, The First of a Million Kisses, var også ein suksess som nådde andreplassen på UK Albums Chart og vann prisen som best album ved Brits 1989.

Suksessen viste seg å vera kortvarig. I november 1989, etter ein pause der Reader fekk det fyrste barnet sitt, Charlie, med den fransk-algeriske partnaren sin Milou, oppstod det krangel i gruppa. Nevin forlét ei innspillingsøkt for det andre albumet, som til slutt førte til splittinga av bandet.[8] Eit samanspikra andrealbum, sett saman av B-sider og liveinnspelingar, Ay Fond Kiss, kom ut året etter.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Reader opptrer i 2006.

Mirmama og Eddi Reader (1992–1994)[endre | endre wikiteksten]

Reader vendte heim til Skottland, men før ho byrja ein solokarriere som songar dreiv ho eit tid som skodespelar. Ho spelte Jolene Jowett, ein songar og trekkspelar, i John Byrne sin komediedramaserie Your Cheatin' Heart for BBC Television, som føregjekk på den skotske countryscena. I 1993 presenterte Reader BBC Scotland sin No Stilettos,[9] eit program av musikkframsyningar som blei spelt inn i Glasgow. Andre roller var Joy 3 frå Michael Boyd (artistisk leiar ved Royal Shakespeare Company) sin produksjon av Janice Galloway sitt The Trick Is to Keep Breathing.[8] Dette var ein BBC Radio 4-produksjon i 1996 og ein Tron Theatre-produksjon same året.

Reader flytta så tilbake til London og arbeidde med nytt material med eit band som kalla seg The Patron Saints of Imperfection og var sett saman av Roy Dodds, Neill og Calum MacColl og Phil Steriopoulos).[8] Dette førte fram til det fyrste soloalbumet hennar, spelt inn for RCA Records, Mirmama frå 1992.[8] Ho møtte Geoff Travis som signerte henne for Blanco Y Negro, eit merke for Warner Brothers .[8] Direktøren Rob Dickens produserte det andre soloalbumet hennar Eddi Reader (1994), som ho vann ein «Best female singer» BRIT Award for same året. Det blei følgd av Candyfloss and Medicine (1996) og Angels & Electricity (1998).[8] Ho forlet Warner Brothers og heldt fram på Geoff Travis sitt merke Rough Trade, der ho gav ut Simple Soul (2001) og Driftwood (2002) – ei «heimelaga» gruppe songar spelt inn under Simple Soul-sesjonar. Reader spelte også inn vokal til ein av Big Country sine siste singlar før Stuart Adamson døydde, «Fragile Thing».

Sings the Songs of Robert Burns (1994–2007)[endre | endre wikiteksten]

Reader heldt fram å turnera i England, Skottland, Japan, Australia, Spania, USA og på Irland. I 2003 spelte ho inn eit album med songar av Robert Burns i lag med Royal Scottish National Orchestra. Dette fekk gode meldingar og auka interessa for den skotske nasjonalskalden internasjonalt.[10][11]

I 2004 song Reader Auld Lang Syne ved opninga den nye skotske parlamentsbygningen,[12] og blei presentert for dronning Elizabeth II.[13]

I april 2006 turnerte ho i Australia med Boo Hewerdine og Alan Kelly etter utgjevinga av St Clare's Night Out: Live at The Basement. Australske artistar som David Hosking blei inviterte til å opna konsertane.

Det åttande studioalbumet til Reader, Peacetime, blei gjeve ut i 2007 på Rough Trade Records. Det blei produsert av den skotske folkemusikaren John McCusker. Det inneheld nokre songar av Burns i tillegg til eige material skrive med Boo Hewerdine og John Douglas frå The Trash Can Sinatras.

Love Is the Way (2008–2010)[endre | endre wikiteksten]

Våren 2008 var Reader spesialgjest på Hotel Cafe Tour med Tom McRae som vert. I 2009 opptredd ho det historiske dramaet Me and Orson Welles[14] regissert av Richard Linklater og med Zac Efron, Christian McKay og Claire Danes i dei andre rollene.[15] Reader framførte omarrangerte standardar frå 1930-talet med Jools Holland, som ho tidlegare hadde samarbeidd med om singelen «Waiting Game».

I samband med 250-årsdagen til Robert Burns gav Reader ut The Songs of Robert Burns Deluxe Edition i januar 2009. På denne utgjevinga ar det med tidlegare Burns-album i tillegg til sju nye songar, to frå dei opphavlege innspelingane i 2003 («Green Grow the Rashes O», «Of A' the Airts»), tre frå Peacetime i 2007 («Ye banks and Braes», «Aye Waukin O» og «Leezie Lindsay»), den uutgjevne «Dainty Davie» frå same innspeling, og ei heilt ny innspeling, «Comin' Thro the Rye/Dram Behind the Curtain». Som den opphavlege utgjevinga blei det nye albumet promotert med to utselde konsertar ved Celtic Connections-festivalen i Glasgow.

I 2009 gav Reader ut det niande studioalbumet sitt, Love is the Way, som ho produserte sjølv. I ei spesiell ordning med plateselskapet Rough Trade selte ho ein eksklusiv, minimalt pakka førutgjeving av albumet på den britiske turneen sin hausten 2008.[16]

Vagabond og seinare arbeid (2010–)[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 2010 var Reader med på det irskspråklege albumet Ceol '10 Súil Siar, der ho song ein irisk versjon av Fairground Attraction-songen «Perfect», kalla «Foirfe». I desember det året gav ho ut eit live-album på sitt eige selskap og selte det på ein eigen nettstad, Live in Japan. Albumet blei spelt inn på konsertane hennar i Japan i september 2009, og blei mastra og miksa av Mark Freegard, som hadde arbeidd på albumet Love is the Way.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 2013 gifta Reader seg med John Douglas, ein låtskrivar og medlem i bandet The Trashcan Sinatras.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For Robert Burns-prosjektet blei Reader utnemnd til MBE for «outstanding contributions to the arts» i New Year's honours list 2006.[17]

I mai 2007 blei ho tildelt eit æresdoktorat frå University of Strathclyde.[18] Seinare same året blei ho æra for sine bidrag til musikk og til opplæring og oppmuntring av unge musikarar med eit æresdoktorat og Doctor of Letters frå Glasgow Caledonian University.[19] I juni 2008 mottok ho endå eit doktorat for musikkarbeidet sitt, denne gongen frå University of Stirling,[20] og i 2013 blei ho æresdoktor av musikk ved University of Edinburgh.

År Pris Verk Kategori Resultat
1989 Brit Awards "Perfect" Best British Single Vinnar
The First of a Million Kisses Best British Album Vinnar
1995 Ivor Novello Awards "Patience of Angels" Best Song Musically & Lyrically Nominert
Ivor Novello Awards "Dear John" Best Song Musically & Lyrically Nominert
Brit Awards Herself Best British Female Vinnar
1997 Nominert

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

List of albums, with selected chart positions and certifications
Tittel Detaljar Topplassering Sertifisering
UK
[21]
Mirmama
  • Utgjeving: 12. oktober 1992
  • Plateselskap: RCA
34
Eddi Reader 4
Candyfloss and Medicine 24
Angels & Electricity 49
Simple Soul 92
Driftwood
Sings the Songs of Robert Burns 86
Peacetime 93
Love Is the Way 109
Vagabond
  • Utgjeving: 13. april 2009
  • Plateselskap: Reveal
93
Cavalier
  • Utgjeving: 28. september 2018
  • Plateselskap: Reveal
Light Is In The Horizon

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Topplassering Album
UK
[21]
"All Or Nothing" 1991 Mirmama
"What You Do With What You've Got" 1992
"Patience of Angels" 1994 33 Eddi Reader
"Joke (I'm Laughing)" 42
"Dear John" 48
"Nobody Lives Without Love" 1995 84 Batman Forever
"Town Without Pity" 1996 26 Candyfloss and Medicine
"Medicine" 100
"Waiting Game" (med Jools Holland) Sex & Jazz & Rock & Roll
"Prayer Wheel" 1998 Angels & Electricity
"Fragile Thing" (med Big Country) 1999 69 Driving to Damascus
"Usual Things" (with Little Tempo & Linton Kwesi Johnson) Non-album single
"The Girl Who Fell in Love with the Moon" 2001 Simple Soul
"Prodigal Daughter"/"Simple Soul"
"Holiday" 2002 Driftwood
"May You Never" (with David Knopfler) Wishbones
"Auld Lang Syne"/"Wild Mountainside" 2003 Sings the Songs of Robert Burns
"My Love Is Like a Red, Red Rose"/"Jamie Come Try Me"
"Muddy Water" 2007 Peacetime
"Roses" 2009 Love Is the Way
"Dragonflies"
"Baby's Boat" 2013 Vagabond
"Back The Dogs (Dancing Down Rock)" 2014
"Starlight" 2018 Cavalier
"—" viser til at albume ikkje nådde topplista eller ikkje blei gjeve ut i området.

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Eddi Reader Live (2001)
  • Eddi Reader Live: Edinburgh (2003)
  • Eddi Reader Live: Newcastle (2003)
  • Eddi Reader Live: Leeds (2003)
  • Eddi Reader Live: London (2003)
  • St Clare's Night Out: Live at The Basement (2006)
  • Port Fairy Folk Festival (2008)
  • Live in Japan (2010)

Fairground Attraction[endre | endre wikiteksten]

  • The First of a Million Kisses (1988)
  • Ay Fond Kiss (1990)
  • Kawasaki – Live in Japan 02.07.89 (2003)
  • The Very Best of Fairground Attraction (2004)

Filmspor[endre | endre wikiteksten]

  • Batman Forever: Music from the Motion Picture (1995)
    • "Nobody Lives Without Love"
  • Bed of Roses (1996)
    • "The Right Place"
  • Love & Sex (2000)
    • "Honeychild"
  • My First Mister (2001)
    • "Bell, Book and Candle" (1999)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • The Blanco Y Negro Years (2015)
  • The Best Of Eddi Reader (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eddi Reader biography, up to 2000». Arkivert frå originalen 5. november 2009. Henta 28. august 2009. 
  2. O'Rourke, Lynn (1 April 2007). «Q & A with Eddi Reader». The Scotsman. Henta 18 April 2009. 
  3. «Football was 'quite unsuitable' for women… or so they said». STV News (på engelsk). 3. desember 2021. Henta 3. desember 2021. 
  4. My Schooldays: Eddie Reader, The Scotsman, 22 May 2002
  5. My Schooldays: Eddie Reader, The Scotsman, 22. mai 2002
  6. «Sings the songs of Robert Burns» (PDF). 12 May 2003. Arkivert frå originalen (PDF) 19 November 2008. Henta 18 April 2009. 
  7. «Eddi Reader at NME». NME. Arkivert frå originalen 21 November 2009. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 999. ISBN 1-85227-745-9. 
  9. «Rock makes a point with No Stilettos». HeraldScotland. Henta 21 May 2018. 
  10. Hodgkinson, Will (16 May 2003). «Life performers». The Guardian. Henta 4 April 2009. 
  11. White, Bill (3 February 2004). «'Songs of Robert Burns' a magnificent gift from the heart of Scotland». Seattle Post-Intelligencer. Henta 4 April 2009. 
  12. Biagi, Marco (26 November 2013). «Eddi Reader chats to The Edinburgh Reporter ahead of Usher Hall concert». The Edinburgh Reporter. Henta 12 May 2014. 
  13. «Building Opens». The Scottish Parliament. Henta 12 May 2014. 
  14. "Filmography by year for Eddi Reader". Internet Movie Database. Retrieved 18 February 2012.
  15. «Me and Orson Welles von Eddi Reader bei Myspace». Archive.today. Arkivert frå originalen 2 December 2012. Henta 3 October 2019. 
  16. «LOVE IS THE WAY – PRE-RELEASE EXCLUSIVE FOR UPCOMING TOUR! von Eddi Reader bei Myspace». Archive.today. Arkivert frå originalen 5 December 2012. Henta 3 October 2019. 
  17. «Queen honours star-studded Scots». News.bbc.co.uk. 31 December 2005. Henta 21 May 2018. 
  18. «University of Strathclyde». Arkivert frå originalen 5 June 2011. 
  19. «Nicola's degree of success». Evening Times. 28 November 2007. Henta 25 April 2009. 
  20. «Honorary Graduates-About - University of Stirling». University of Stirling. Henta 21 May 2018. 
  21. 21,0 21,1 «Eddi Reader | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 4. mai 2022. 
  22. 22,0 22,1 «British salstrofé – Eddi Reader». British Phonographic Industry.  Enter Eddi Reader in the field Search. Select Artist in the field Search by. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]