Katie Melua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katie Melua

Verkeleg namn georgisk ქეთი მელუა
Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia, Storbritannia
Fødd 16. september 1984 (39 år)
Kutaisi
Yrke songar-låtskrivar, songar, komponist, jazzmusikar, gitarist, pianist, fiolinist, plateartist
Språk engelsk, georgisk
Nettstad http://katiemelua.com/
Katie Melua på Commons
Melua under Zelt-Musik-Festival 2016 i Freiburg i Tyskland.

Ketevan «Katie» Melua (fødd 16. september 1984) er ein britisk-georgisk songar og musikar. Sidan ho var 9 år har ho budd i Nord-Irland og seinare England.

Det første albumet hennar, Call Off the Search, vart lansert i november 2003, og det andre, Piece by Piece, kom ut i september 2005. Begge vart svært godt mottekne.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ketevan Melua vart fødd i Kutaisi i Georgia i 1984 og budde som unge i byen Batumi i Adsjaria, der far hennar arbeidde som hjartespesialist. I 1993 flytta familien til Belfast i Nord-Irland, der faren fekk ei stilling ved det velsedde sjukehuset Royal Victoria Hospital, og Ketevan gjekk på St. Catherine's Primary School og katolske Dominican College i Fortwilliam.

Familien flytta til det sørvestlege London i 1998. Som femtenåring vann Melua ein talentkonkurranse i den britiske fjernsynskanalen ITV med å synge Badfinger-songen «Without You». Ho studerte seinare utøvande kunstBRIT School i Croydon, der ho fekk A-karakterar i musikk. Melua tok til å skrive songar i 2001 medan ho framleis gjekk på gymnaset. Her vart ho oppdaga av produsenten og låtskrivaren Mike Batt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Call Off the Search (2003)
  • Piece by Piece (2005)
  • Pictures (2007)
  • The House (2010)
  • Secret Symphony (2012)
  • Ketevan (2013)
  • In Winter (2016)
  • Album No. 8 (2020)
  • Love & Money (2023)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Katie Melua