Dr. John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dr. John

Dr. John på New Orleans Jazz & Heritage Festival i 2007
Fødd21. november 1941
FødestadNew Orleans
Død6. juni 2019 (77 år)
DødsstadNew Orleans
FødenamnMalcolm John Rebennack, Jr.
AliasDr. John Creaux
Mac Rebennack
OpphavNew Orleans i Louisiana i USA
Aktiv1950-åra–2019
SjangerBlues, rock, New Orleans rhythm and blues
InstrumentVokal, piano, tangentinstrument, gitar
Tilknytte artistarJohn Mayall's Bluesbreakers, Ringo Starr & His All-Starr Band, Van Morrison, Dan Auerbach, Curious George, Eric Clapton, Bob Seger, Joe Walsh
PlateselskapAtco, Blue Note, Nonesuch, GRP, Trip, United Artists
Verka somVokalist, musikar
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Performance, Rock and Roll Hall of Fame, MOJO Awards, Blues Music Award, Grammy Award for Best Blues Album

Malcolm John «Mac» Rebennack, Jr. (21. november 19416. juni 2019), betre kjend under scenenamnet Dr. John (og Dr. John Creaux), var ein amerikansk songar-låtskrivar, pianist og gitarist som kombinerte blues, pop, jazz og zydeco, boogie woogie og rock and roll.[1]

Han var aktiv som studiomusikar sidan seint i 1950-åra og vart kjend tidleg i 1970-åra med ville teatralske show inspirerte av medicine show, Mardi Gras-kostyme og voodooseremoniar. Rebennack spelte inn over 20 album og i 1973 nådde han Topp 20 i USA med den muntre funk-aktige «Right Place Wrong Time», som kanskje er den mest kjende songen hans.

Dr. John har vunne fem Grammyprisar og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame av songaren John Legend den 14. mars 2011.

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Rebennack vart fødd i New Orleans i Louisiana i USA og den profesjonelle musikkarrieren hans starta der i 1950-åra. Han spelte opphavleg gitar og spelte i lag mewd lokale band, som Mac Rebennack and the Skyliners, (Paul Staele/Dennis «Bootsie» Cuquet, trommer; Earl Stanley, bass; Charlie Miller, trompet; Charlie Maduell, saksofon; Roland «Stone» LeBlanc, vokal), Frankie Ford and the Thunderbirds, og Jerry Byrne and the Loafers. Han hadde ein regional hit med ein Bo Diddley-aktig instrumental kalla «Storm Warning» på Rex Records i 1959. I desse dagane var han ein A&R-mann som produsent, i lag med Charlie Miller, singlar for Johnny Vincent og Joe Koralna for lokale selskap som ACE, RON, RIC og andre. For desse innspelingane hadde han ansvar for A&R og rytmeseksjonen medan Miller skreiv blåsearrangementa. Det var eit produktiv team fram til Miller valde å flytte til New York for å studere musikk formelt.

Karrieren til Rebennack som gitarist enda då han vart skoten og skada venstre ringfinger medan han forsvarte songar og tangentspelar Ronnie Barron, som han spelte i lag med og som lenge hadde vore ein god ven. Etter skaden konsentrerte Rebennack seg om bassgitar før piano vart hovudinstrumentet hans. Pianist Professor Longhair var ei viktig inspirasjonskjelde for pianostilen til Rebennack.

Han flytte til Los Angeles i 1963 der han vart ein etterspurt studiomusikar i det blømande musikkmiljøet i byen i 1960- og 1970-åra, der han spelte for Sonny & Cher (og på noko følgjesmusikk for den første filmen til Cher, Chastity), og for Canned Heat på albuma deira Living the Blues (1968) og Future Blues (1970), samt mange andre.

1968-1971: Dr. John, the Night Tripper[endre | endre wikiteksten]

Frå seint i 1960-åra byrja Rebennack å verte kjend som soloartist etter at han tok namnet «Dr. John, The Night Tripper». Dr. John kombinerte rhythm and blues i New Orleans-stil med psykedelisk rock og utførlege sceneshow på grensa til religiøse voodoo-seremoniar, med kostyme og parykkar (truleg inspirert av sceneshowet til Screamin' Jay Hawkins). Namnet «Dr. John» kom frå ein legendarisk Louisiana voodoo-utøvar tidleg på 1800-talet.[2] På dei første platene til Dr. John er han kalla «Dr. John, The Night Tripper», medan han på låtskrivartilskrivinga på omslaget er kalla «Dr. John Creaux». Etter få år vart «Night Tripper» fjerna frå namnet, og Rebennack nytta det verkelege namnet sitt for tilskrivingar.

Gris-Gris, debutalbumet hans frå 1968, kombinerte voodoorytmar og messing med tradisjonell New Orleans-musikk, og er rangert på 143. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Tre album til, Babylon frå 1969, Remedies frå 1970 og The Sun, Moon, And Herbs frå 1971, vart gjevne ut i same stil som Gris-Gris, men ingen av desse er like populære som det første albumet hans.

Første halvdel av 1969 turnerte Dr. John mykje, og hadde med seg musikarane Richard «Didymus» Washington (conga), Richard Crooks (trommer), David Leonard Johnson (bass), Gary Carino (gitar), og songarane Eleanor Barooshian, Jeanette Jacobs frå The Cake, og Sherry Graddie. Ei ny besetning spelte med han seinare for ein omfattande turne på austkysten seinare på året, med Crooks og Johnson samt Doug Hastings (gitar) og Don MacAllister (mandolin). I 1969 medverka Dr. John til Music from Free Creek, der han spelte tre songar med Eric Clapton. Washington og Crooks spelte òg på prosjektet.

The Sun, Moon, and Herbs vart gjeven ut, hadde han fått ein fast tilhengjarskare, inkludert artistar som Eric Clapton og Mick Jagger, som begge tok del i innspelinga av dette albumet. Albumet var ein overgang frå Night Tripper-voodoo og psykedelisk musikk til meir tradisjonell New Orleans R&B og funk. Det neste albumet hans, Dr. John's Gumbo, vart eit landemerke og eit av dei mest populære albuma hans. Med seg hadde han Fred Staehle på trommer.

1972-1974: Gumbo, In the Right Place og Desitively Bonnaroo[endre | endre wikiteksten]

I lag med Gris-Gris er dei kanskje mest kjende innspelingane til Dr. John i perioden 1972-1974. Dr. John's Gumbo frå 1972 inneheld fleire New Orleans R&B-standardar og berre ein original song, og vert rekna som ein hjørnestein i New Orleans-musikk. I sjølvbiografien sin i 1994, Under a Hoodoo Moon, skriv Dr. John writes, «I 1972 spelte eg inn Gumbo, eit album som var både ei hyllest til og ei tolking av musikken eg hadde vokse opp med i New Orleans i 1940- og 1950-åra. Eg prøvde å halde på mange av dei små endringane som var karakteristiske for New Orleans, medan eg arbeidde på min eigen funknology på piano og gitar.» Den første singelen frå albumet, «Iko Iko», nådde Topp 40 på Billboard-lista. I 2003 vart Dr. John's Gumbo rangert på 402. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Med Gumbo utvida Dr. John karrieren sin forbi psykedelisk voodoomusikk og teatralske effektar som hadde driven den første delen av karrieren hans, sjølv om dette alltid vart verande ein viktig del av musikken og identiteten hans. Det var først med Anutha Zone i 1998 at han igjen konsentrerte seg for fullt på dette aspektet av musikken hans for eit fullt album. «Etter me spelte inn det nye albumet», skreiv han, fann eg ut at me hadde hatt nok av mighty-coo-de-fiyo hoodoo show, so eg gjekk bort frå Gris-Gris-rutinen me hadde turnert med sidan 1967 og skapte eit nytt show—ein Mardi Gras revy med New Orleans-standardane me hadde spelt på Gumbo."

Tidleg i 1973 produserte Thomas Jefferson Kaye eit album som var eit samarbeid med Dr. John, Mike Bloomfield og John Paul Hammond. Dette albumet, Triumvirate, vart spelt inn i Columbia Studios i San Francisco, og Village Recorders i Los Angeles.

I 1973 gav Dr. John ut det første New Orelans-funkalbumet, In the Right Place, produser av Allen Toussaint med The Meters som akkompagnement. På same måte som Gris-Gris introduserte verda for den voodoo-påverka sida av musikken hans, og som Dr. John's Gumbo starta det karrierelange ryktet hans som ein dugande tolkar av New Orleans-standardar, etablerte In the Right Place Dr. John som ein av dei viktigaste ambassadørane for New Orleans-funk. Dr. John omtalte albumet: «Albumet hadde ei meir beintfram dansekjensle enn dei eg hadde laga tidlegare, sjølv om det framleis er godt forankra i R&B» Det nådde 24. plass på Billboard-lista og singelen «Right Place Wrong Time» nådde 9. plass på singellista. Ein annan singel frå albumet, «Such a Night», nådde 42. plass. Mange andre artistar har spelt inn «Right Place Wrong Time», som Bob Dylan, Bette Midler, Doug Sahm og Tom Jones, og medverka med enkelte linjer til teksten som omhandlar mange tilfelle med ironiske uhell og mislukka hendingar.

Dr. John prøvde å dra fordel av suksessformelen på In the Right Place, igjen i lag med Allen Toussaint og The Meters for det neste albumet sitt, Desitively Bonnaroo, som kom ut i 1974. Sjølv om det hadde ei liknande kjensle som In the Right Place, slo det ikkje like godt an. Det vart det siste reine funkalbumet hans fram til 1994 med Television, sjølv om funkstilen hans, som voodoo- og den tradisjonelle New Orleans R&B-stilen, skulle påverke dei fleste verka hans fram til i dag, særleg på konsertane hans.

I midten av 1970-åra starta Dr. John eit nesten tjue år langt samarbeid med R&R Hall of Fame/Songwriters Hall of Fame-låtskrivaren Doc Pomus som skreiv songar for Dr. John-albuma City Lights og Tango Palace og for B.B. King sitt Stuart Levine-produserte There Must Be a Better World Somewhere, som vann Grammy for beste etniske eller tradisjonelle innspeling i 1982. Dr. John spelte òg inn «I'm On a Roll», den siste songen skrive med Pomus før Pomus døydde i 1991. I følgje dotter til Doc Pomus var dei to særs nære vener.

I 1976 spelte Dr. John på avskjedskonserten til the Band, som vart filma og gjeven ut som The Last Waltz. I 1979 samarbeidde han med legendariske Professor Longhair på den siste innspelinga til Fess (eit anna kallenamn for Henry Byrd), Crawfish Fiesta som gitarist og medprodusent. Dette albumet vart gjeven den første W.C. Handy Blues Album of the Year i 1980, og vart gjeven ut kort tid etter Longhair døydde i januar 1980.

Seinare arbeid[endre | endre wikiteksten]

Dr. John at på Jazz à Vienne-festivalen i Vienne i Frankrike i 2006.

Frå midten av 1970-åra, start Rebennack å fokusere på ei blanding av musikk som blanda blues, New Orleans R&B, Tin Pan Alley-standardar og meir.

I 1975 leigde manageren til Dr. John, Richard Flanzer, den kjende produsenten Bob Ezrin. Hollywood Be Thy Name vart spelt inn live i Cherokee Studios i Los Angeles i California. Studioet vart omgjort til ein New Orleans-nattklubb for innspelingane.

I 1981 og 1983 spelte Dr. John to album med solopiano for det Baltimore-baserte selskapet Clean Cuts. På desse to platene spelte Dr. John mange av sine eigne innspelingar i boogie-woogie.

Han har òg vore ein mykje nytta studiomusikar gjennom karrieren sin, og spelte piano på Rolling Stones-songen «Let It Loose» i 1972, og akkompagnerte Carly Simon og James Taylor i duetten deira av «Mockingbird» i 1974 og Neil Diamond i 1976 på Beautiful Noise. Han medverka på songen «More and More» på Simon-albumet Playing Possum. Han spelte på tre songar på solodebutalbumet til Marie Muldaur i 1973, inkludert «Three Dollar Bill». Han song på fire songar og spelte piano på to songar på Muldaur-albumet Louisiana Love Call i 1992. Han var medprodusent på Van Morrison-albumet A Period of Transition i 1977, i tillegg til å spele tangentinstrument og gitar. Han spelte den 19. mars 1977 i ein episode av Saturday Night Live. Han spelte tangentinstrument på det særs populære debutalbumet til Rickie Lee Jones i 1979 og har turnert med Willy DeVille og medverka til hans Return to Magenta (1978), Victory Mixture (1990), Backstreets of Desire (1992) og Big Easy Fantasy (1995). Musikken hans er nytta i mange filmar, som «Such a Night» i Colors i 1988. I 1992 gav Dr. John ut albumet Goin' Back to New Orleans som inneheld mange klassiske songar frå New Orleans og mange store New Orleans-baserte musikarar som Aaron Neville, Neville-brørne, Al Hirt og Pete Fountain. Han var den første amerikanske artisten som spelte på Franco Follies-festivalen i 1992.

Dr. John har òg sunge for Popeyes Chicken & Biscuits-jingelen «Luv dat chicken...», samt kjenningsmelodien («My Opinionation») til komiserien Blossom tidleg i 1990-åra. Ein versjon av «Do You Know What It Means To Miss New Orleans» med Harry Connick, Jr. vart gjeven ut på Connick-albumet 20 og videoen Singin' & Swingin' i 1990. Han har òg medverka med musikk til Blues Brothers 2000 (der han speler med det oppdikta bandet the Louisiana Gator Boys på songane «How Blue Can You Get» og «New Orleans»). Versjonen hans av Donovan-songen «Season of the Witch» vart òg nytta i filmen og på filmmusikkalbumet.

Han skreiv og framførte musikken til filmversjonen av John Steinbeck sin Cannery Row, som kom ut i 1982. I 1993 vart hitsongen hans «Right Place Wrong Time» nytta mykje i filmen Dazed and Confused.

Mellom juli og september 1989 turnerte Dr. John i det første Ringo Starr & His All-Starr Band, i lag med Levon Helm, Rick Danko, Nils Lofgren, Jim Keltner, Joe Walsh, Billy Preston og Clarence Clemons. Frå turneen vart konsertalbumet Ringo Starr and His All-Starr Band gjeven ut i 1990.

Dr.John på Liri Blues Festival i Italia.

I 1997 deltok Dr. John på veldedighetssingelen av Lou Reed-songen «Perfect Day». Same året spelte han piano på Spiritualized-songen «Cop Shoot Cop...» frå albumet Ladies and Gentlemen We Are Floating in Space. Frontmann Jason Pierce, ein tilhengjar av musikken til John, gjengjeldte dette med å spele på John-albumet Anutha Zone i 1990 i lag med trommeslagar Damon Reece og gitarist Thighpaulsandra.

Han spelte inn konsertalbumet Trippin' Live med trommeslagar Herman Ernest, David Barard på bass, Tommy Moran på gitar, trompetist Charlie Miller, tenorsaksofonist Red Tyler og barytonsaksofonist Ronnie Cuber.

I september 2005 spelte han Fats Domino sin «Walkin' to New Orleans» i avslutninga av TV-innsamlinga Shelter from the Storm: A Concert for the Gulf Coast. Dette var til støtte for offera etter orkanen Katrina som øydela heimbyen hans New Orleans.

I november 2005 gav han ut EPen Sippiana Hericane, til støtte for, New Orleans Musician Clinic, Frelsesarmeen, og Jazz Foundation of America. Den 5. februar 2006 vart han med Aaron Neville, Aretha Franklin og eit 150-mann stort kor for ei framføring av nasjonalsongenSuper Bowl XL. Den 8. februar 2006 spelte han i lag med Allen Toussaint, Bonnie Raitt, The Edge og Irma Thomas på «We Can Can» under avslutninga av Grammy Awards 2006.

Den 12. mai 2006 spelte Dr. John inn Live from Abbey Road i Abbey Road Studios.

Dr. John på Le Poisson Rouge i New York City i 2011.

Dr. John spelte kjenningsmelodien til Fox-serien K-Ville. Han framførte og medproduserte òg kjenningsmelodien for barne-TV-serien Curious George.

I 2007 medverka Dr. John på Goin' Home: A Tribute to Fats Domino med songen «Don't Leave Me This Way».

I januar 2008 vart Mac Rebennack, Dr. John, innlemma i Louisiana Music Hall of Fame.

I 2009 song Dr. John opningsmelodien «Down in New Orleans» i Disney-filmen The Princess and the Frog. Same året medverka han med ein versjon av John Martyn-songen «I Don't Wanna Know» for serien True Blood.

Han regjerte som konge av Krewe du Vieux for New Orleans Mardi Gras-sesongen i 2010.

Dr. John spelte tangentinstrument og medverka mykje til Gregg Allman-albumet Low Country Blues i 2011, produsert av T-Bone Burnett.[3]

I 2011 samarbeidde han med Hugh Laurie på songen «After You've Gone» på albumet Let Them Talk.

I 2012 gav han ut Locked Down, eit samarbeid med Dan Auerbach frå The Black Keys, som er produsent og gitarist.[2] Albumet fekk særs positive meldingar for den råe, afrobeat-aktige stilen. The Los Angeles Times skreiv at det synte at «Dr. John enda ein periode med relativ kreativ stagnasjon med å skape noko magisk, ei lekamleggjering av alt han har gjort til no, men driven i ei tydeleg, ny retning.»[4]

I 2013 medvirka han på albumet Shout til Gov´t Mule kor han syng låta Stoop So Low.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Med Bluesiana Triangel[endre | endre wikiteksten]

  • Bluesiana Triangel (Windham Hill, 1990)
  • Bluesiana Triangel II (Windham Hill, 1991)

Dr. John i populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Dr. John medverka i tredje episode av HBO-serien Treme, samt tre andre episodar i andre sesong, som seg sjølv[5]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Grammyprisar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 Best Jazz Vokal Performance, Duo Or Group - Makin' Whoopee
  • 1992 Best Traditional Blues Album - Goin' Back To New Orleans
  • 1996 Best Rock Instrumental Performance - SRV Shuffle
  • 2000 Best Pop Collaboration With Vokal - Is You Is, Or Is You Ain't (My Baby)
  • 2008 Best Contemporary Blues Album - City that Care Forgot
  • 2013 Best Blues Album - Locked Down

Louisiana Blues Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

  • I 2000 vart Dr. John innlemma i Louisiana Blues Hall of Fame.

Rock and Roll Hall of Fame[endre | endre wikiteksten]

  • I 2011 vart Dr. John innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. 2,0 2,1 Dougherty, Steve (March 30, 2012). «Dr. John's Unlikely New Partner». The Wall Street Journal. s. D4. 
  3. NY Times article on Gregg Allmann that appeared 16 January 2011
  4. Los Angeles Times review, April 3, 2012.
  5. «Dr. John IMDB page». Henta 4/3/2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]