Moskusurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moskusurt


Moskusurt (Adoxa moschatellina)
Moskusurt (Adoxa moschatellina)

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Orden: Dipsacales
Familie: Adoxaceae
Slekt: Adoxa
Art: Adoxa moschatellina
Vitskapleg namn
Adoxa moschatellina

Moskusurt (Adoxa moschatellina) er den einaste planta i moskusurtslekta i moskusurtfamilien. Ho er ei sped, liten blomsterplante. Sjølve planten har ei svak, litt parfymert lukt medan blomstrane luktar litt rote. Desse er gulgrøne, sit i eit aks og inneheld nektar. Akset har ein toppblomster og oftast fire krosstelde blomstrar. Moskusurt vert pollinert av insekt, ofte fluger. Veksten spreier seg òg vegetativt. Fruktene er ripsstore, kvitaktige steinfrukter.

Moskusurt er knytt til halvskygga veksestader med fuktig til våt, næringsrik gjerne moldrik jord, som den finn i lauvskog og kratt med kraftig skogbunnsflora.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten har si naturlege udbreiing i Nord-Afrika, Kaukasus, Sentral-Asia, Aust-Asia, Sibir, Nord-Amerika og Europa. I Noreg er han utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Han finst i nokre av dei inste fjordarmane på Vestlandet og i Aust-Finnmark. I Danmark er den vanleg på Øerne og på Østjylland, men sjeldnare i resten av Jylland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Feuilles et inflorescence

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moskusurt
  • Media knytt til Moskusurt på Wikimedia Commons
  • Data knytt til Moskusurt på Wikispecies

Referansar[endre | endre wikiteksten]