Mugarra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mugarra
Mugarra - Mugarra frå aust med dagbrotet
Mugarra frå aust med dagbrotet
Høgd over havet 936 moh
Ligg i/på Bizkaia
Flag of Spain.svg Spania
Fjellkjede Baskarfjella
Primærfaktor 195 m
Koordinatar 43°09′9.13″N 02°40′46.19″WKoordinatar: 43°09′9.13″N 02°40′46.19″W
Lettaste rute Frå Mañaria og Mugarrekolandapasset.

Mugarra er eit fjell i Bizkaia, regionen Baskarland i Spania med ei høgd på 936 meter over havet. Det høyrer til Aramotz-massivet.

Aramotz-massivet er det vestlegaste fjellet i Urkiolafjella. Mugarra er ei fortsetjing av linja Anboto, Alluitz, Aitz Txiki og Untxillaitz og er det austlegaste fjellet i Aramotz-massivet.

Store kalksteinsklipper med fossil av skjel finst i fjella. Sørsida av fjellet er ein 300 meter høg fjellvegg over Mugarrekolanda. I denne veggen hekkar dei fleste gribbane i området, om lag 60 stykk. Nordsida, som vender mot Durango, er òg bratt, men likevel dekt av bøk og kantabrisk steineik.

Langs ryggen av Mugarra er det mange klatreruter, men det er ikkje lov med fjellklatring for å ikkje forstyrre gribbane. Det vert likevel drive store dagbrot for å henge ut kalkstein langs ryggen. Dette har gjort uoppretteleg skade på fjellet like ved grensa til det verna området.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]