Baskarfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baskarfjella
Fjellkjede
none  Alluitz, typisk kalksteinsfjell i Baskarfjella
Alluitz, typisk kalksteinsfjell i Baskarfjella
Land Flag of Spain.svg Spania
Grensar til Dei kantabriske fjella, Pyreneane
Høgaste punkt Aitzkorri
 - høgd 1 551 moh
 - koordinatar 42°57′N 02°19′W
Geologi kalkstein

Baskarfjella er ei lita fjellkjede nord i Spania. Ho vert vanlegvis rekna som den austlege delen av Dei kantabriske fjella. Fjellkjeda går gjennom regionen Baskarland og dei vestlege områda av Navarra.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Baskarfjella er ein overgangssone mellom to større fjellkjede, Dei kantabriske fjella i vest og Pyreneane i aust. Geologar kallar området «Den baskiske terskelen» og somme reknar Dei kantabriske fjella og Pyreneane som ei enkel, stor fjellkjede, og Baskarfjella som ein del av begge.[1]

Baskarfjella består av to parallelle ryggar som går frå vest til aust, ein indre og ein ute ved kysten. Mellom dei ligg eit 500 meter høgt platå kalla Llanada Alavesa (Alavaslettene) der Vitoria-Gasteiz ligg. Aust for Llanada ligg den smale dalen Burunda og Barranca (eller Sakanabaskisk) mellom dei to ryggane. Urbasa-Andia ligg i sør og Sierra de Aralar ligg i nord. I dalen ligg gjennomfartsårer mellom Vitoria-Gasteiz og Pamplona.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Aratz frå Alava (Llanada Alavesa).

Ryggen som ligg nærast kysten er ein del av vasskiljet mellom Middelhavet og Atlanterhavet, og klimaet nord for fjella er mildare og meir maritimt, typisk for det såkalla grøne Spania, medan områda sør for kystfjella og langs den indre ryggen er kalde og snørik, og om sommaren tørrare og varmare enn dei nordlege fjella. Generelt har dei baskiske kommunane sør for denne fjellkjeda eit meir kontinental middelhavsklima med mindre nedbør og mykje kaldare vintrar enn kommunane ved kysten nord for fjellkjeda.

Snødekket er uregelmessig gjennom vinteren. Frå november til april kan ein ha snødekke i Baskarfjella over 700 meter over havet, men dei varierande vêrtilhøva i Biscayabukta kan både føre til stort snøfall og brå temperaturstigingar på grunn av fønvind der snøen smeltar på få dagar. Den brå snøsmeltinga kan føre til flaum, særleg på slettene nord i Alava.

Massiv[endre | endre wikiteksten]

Txindoki i Aralar.
Hernio.

Fjellkjeda har moderate høgder. Aitxuri (1551 moh) i Aitzkorrimassivet er det høgaste punktet.

Andre viktige fjell nærare kysten er Ganekogorta, Oiz, Sollube ,Arrate, Kalamua og Hernio

Mount Oiz.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda består nesten heilt av kalkstein, men ein finn òg enkelte andre bergartar. Fjellsidene er heller slake, men det finst fleire bratte kalksteinsklipper der ein finn gribbar.

Området har ein rik vegetasjon med bøk, eik og bjørk, og andre tresortar som den kantabriske steineika og Montereyfuru. Sistenmnde er kunstig innført for plantasjar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fjellkjede