Musikaren Frode Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musikaren Frode Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1974 (49 år)
Yrke musikar, låtskrivar, musikkprodusent
Språk norsk
Medlem av Madrugada, Kitchie Kitchie Ki Me O

Frode Jacobsen (fødd 11. juni 1974) er en norsk bassist, låtskrivar og produsent frå Stokmarknes.

Madrugada[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen var ein av dei som var med på oppstarten av bandet Øx på byrjinga av 90-talet. Seinare skifta bandet både namn og medlemer og blei til Madrugada. Saman med Sivert Høyem var han ein av de to gjenverande medlemene då gruppa vart oppløyst i 2008 etter at gitarist Robert Burås døydde. Til saman spelte Jacobsen bassgitar for Madrugada i om lag 16 år. I denne perioden gav Madrugada ut 5 studioplater, fleire EP-ar og singlar og vann 5 spellemannprisar m.m.

Jacobsen har skrive fleire av songane til Madrugada, m.a. suksessduetten «Lift me» med Ane Brun [1], som vart kåra til årets hit under Spellemannprisen 2005.

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Utanom Madrugada har han produsert fleire album, som Savoy (2004) med musikkgruppa Savoy, Win Love Win (2007) med Charlotte & the Co-Stars, Higher Class of Lush (2007) med Howl og Juliet's Wishes (2008) med Ingrid Olava.

I 2009 gjekk Jacobsen inn i eit nytt band som heiter Kitchie Kitchie Ki-Me-O. Namnet har dei teke frå ein song av Robert Burås sitt bandprosjekt, My Midnight Creeps. Dei andre bandmedlemene er Alex Kloster-Jensen, Dag Stiberg, Anders Møller og Behzad Farazollahi. [2] Dei spelte m.a. på Øyafestivalen i 2009 og på Andersbakkenfestivalen og By:larm i 2010. [3] Bandet består av erfarne musikarar frå My Midnight Creeps, og Ricochets. Difor knyter det seg store forhåpningar til dei i tida framover, sjølv om dei per februar 2011 enno ikkje har gjeve ut noko. [4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]