Myr-cree
Myr-cree-språket 'ᓀᐦᐃᓇᐌᐎᐣ, nēhiyawēwin | ||
Klassifisering | Algiske språk Algonkinske språk Cree-Montagnais-Naskapi Myr-cree-språket | |
Bruk | ||
Tala i | Canada | |
Område | Ontario | |
Myr-cree-språkettalande i alt | 4500 (1982) | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | Det kanadiske stavingsalfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | cre | |
ISO 639-3 | csw |
Myr-cree (engelsk Swampy Cree) er eit algonkinsk språk som blir tala av 4500 menneske av ei etnisk gruppe på 5000 på vestsida av James Bay og langs kysten av Hudson Bay i dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario og eit stykke inn i provinsen Saskatchewan. Språket blir rekna som ein dialekt i dialektkjeda cree-montagnais-naskapi. Proto-algonkinsk *r har blitt til n i dette språket, som difor òg blir kalla «n-dialekten», mellom anna i motsetnad til «y-dialekten» prærie-cree (engelsk Plains Cree) og «l-dialekten» elg-cree (engelsk Moose Cree). Myr-cree skil seg òg frå prærie-cree ved å skilje mellom s og š (< proto-algonkinsk *s og *š). Endonymet er ᓀᐦᐃᓇᐌᐎᐣ nēhinawēwin 'cree-språket'.
Fonologi
[endre | endre wikiteksten]Vokalar
[endre | endre wikiteksten]Myr-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokalsymbolet:
Fremre urunda | Sentral urunda | Bakre runda | |
Trong | i ī | ||
---|---|---|---|
Midtre | ē | o ō | |
Open | a ā |
Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronen på ē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē. I staden for makron blir òg sirkumfleks nytta, med andre ord î ê â ô i staden for ī ē ā ō.
Konsonantar
[endre | endre wikiteksten]Språket har elleve konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:
Labial | Alveolar | Postalveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
Plosiv/affrikat | p | t | c | k | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Frikativ | s | š | h | |||
Nasal | m | n | ||||
Halvvokal | w | y |
Skrift
[endre | endre wikiteksten]Myr-cree-språket blir skrive både med det latinske alfabetet, som vist i avsnittet Fonologi ovanfor, og med det kanadiske stavingsalfabetet, i ein variant som blir kalla aust-cree-stavingsalfabetet, som blir nytta for å skrive myr-cree og elg-cree (engelsk Moose Cree). Det skil seg frå prærie-cree-stavingsalfabetet berre i nokre mindre detaljar. I denne artikkelen er nokre cree-ord skrivne i begge alfabeta.