Nagapattinam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 10°46′12″N 79°49′48″E

Nagapattinam
Nederlandsk skildring av «Negapatnam van Choromandel» frå rundt 1680.
Nederlandsk skildring av «Negapatnam van Choromandel» frå rundt 1680.
Styresmakter
Distrikt
Stat
Land
Nagapattinam
Tamil Nadu
India
Geografi

Nagapattinam (tamil நாகப்பட்டினம், nākappaṭṭiṉam; tidlegare kalla Negapatam og Nagapatnam) er ein indisk kystby i delstaten Tamil Nadu. Nagapattinam har rundt 95 000 innbyggjarar og dermed rekna som ein etter måten liten by. Han er administrasjonssenter for Nagapattinam distrikt, som ligg sør og nord for Karaikal, eit lite område som høyrer til Puducherry. Nagapattinam ligg nær byar som Tiruvarur, Karaikal, Mayiladuthurai og Velankanni, og ligg om lag 32 mil sør for Chennai. Han har jernbanesamband til linja mellom Chennai og Kozhikode.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Nagapattinam var ein viktig stad for Tsjolariket, og det blei bygd fleire Sjivatempel her. Under buddhismen blei det også bygd buddhistiske heilagstader. Pallavaherskaren Rajasimha tillèt ein kinesisk herskar å bygga eit Buddha-vihara her rundt 700 f.Kr.

Frå 1507 til 1657 var Nagapattinam under portugisisk styre. I 1658 forhandla nederlendarane fram ein avtale med kongen av Thanjavur. På 1700-talet blei det utkjempa to sjøslag mellom britiske og franske skip utanfor byen, eit i 1758 som del av Sjuårskrigen og eit i 1782 som del av Den amerikanske sjølvstendekrigen. Britane tok byen frå Nederlanda i 1781 under Den fjerde engelsk-nederlandske krigen, og han blei formelt overført til britiske hender ved fredsavtalen i 1784. Frå 1799 til 1845 var han hovudkvarter for Thanjore-distriktet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nagapattinam

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.