Den fjerde engelsk-nederlandske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engelsk-nederlandske krigar
Første · Andre · Tredje · Fjerde

Den fjerde engelsk-nederlandske krigen (1780-1784) var ein krig mellom Dei sameinte Nederlanda og Storbritannia under den amerikanske sjølvstendekrigen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1700-talet voks misnøya i Nederlanda, orangistane som ville at statthaldar Villem III av Orange-Nassau skulle opptre kraftigare, møtte patriottane som ønsket eit meir demokratisk styre. Patriottane såg kva som skjedde i Amerika, og fann sine ideal og idear i den amerikanske revolusjonen og opplysningstida. Republikken sitt styre prøvde å løyse dette problemet ved å samle folket i strid mot ein felles fiende. Sjølv om England og Nederlanda hadde vore allierte sidan den ærerike revolusjonen i 1688 gjorde slutt på rivaliseringa mellom dei, hadde Nederlanda etter kvart fått ein «veslebror-rolle» i alliansen. Revolusjonen hadde plassert statthaldar Villem III ved sidan av kona si Maria II av England på den engelske trona, men dette sjakktrekket førte til at England langsamt overtok Nederlanda sin særs framtredane posisjon som handels- og sjøfartsnasjon. Meir og meir handel vart drive frå London, og veksten i den nederlandske økonomien minka fram til 1720. Frå då av var det tale om nedgang, og rundt 1780 tente Nederlanda mindre per innbyggjar enn det Storbritannia gjorde. Dette førte til motvilje mot dei engelskmennene frå nederlandsk side, og dermed var England ein ideell kandidat til rolla som fiende. Det faktum at patriottane var franskvenlege forsterka det engelske kandidaturet.

Den voksende motviljen mot England kom mellom anna til uttrykk ved at republikken støtta opprørarane i dei engelske koloniane i Nord-Amerika. Under den amerikanske sjølvstendekrigen kjempa rebellane for å frigjere koloniane frå Det britiske imperiet. Under nederlandsk flagg transporterte skip våpen og ammunisjon til den nederlandske kolonien Sint Eustatius, som der vart seld vidare til opprørarane i dagens USA. Dette førte til sinne hos engelskmennene, og sjølv om dei protesterte skarpt stoppa ikkje handelen (smuglinga). Rett nok var det ikkje berre sjalusi som låg til grunn for støtta opprørarane fekk frå Nederlanda. Der var situasjonen spent fordi gruppa frå mellom- og overklassen som var kjend som patriottane ville avgrense makta det korrupte og nepotiske regimet til statthaldar Vilhelm V hadde. Kort sagt ønskte «det nederlandske folket» ei meir demokratisk regjeringsform, akkurat slik som rebellane i Sambandsstatane.

Nederlanda var det første landet som helste USA sitt flagg og etter dette tvilte England på republikken si innstilling. Tvilen vart stadfesta då nederlendingane nekta å slutte seg til England under krigen mot Frankrike, sjølv om dei ved ein avtale frå 1678 hadde forplikta seg til det. Nederlendingane på sin side, meinte at britane ikkje hadde rett til å gjennomsøke skipa deira etter kontrabande (våpen og utstyr til dei amerikanske rebellane). Republikken Dei sameinte Nederlanda vedtok å handheve væpna nøytralitet. Dette gjorde det mogeleg for Frankrike å bruke dei nederlandske koloniane, det vil si alle nøkkelhamnene i handelen med Asia, som forsyningsstasjonar.

Storbritannia erklærte krig mot Nederlanda før republikken kunne slutte seg til «Unionen for væpna nøytralitet», ei gruppe nøytrale land som hadde inngått ei pakt om å forsvare kvarandre. Dette hadde verna handelen deira med amerikanarane ytterlegare. Hendinga som førte til britane si krigserklæring var oppdaginga av ein hemmeleg handelsavtale mellom byen Amsterdam og Amerika. Denne fann dei då dei i 1780 arresterte den nyleg utnemnde amerikanske ambassadøren Henry Laurens då han var undervegs til Nederlanda. I bagasjen hans fann dei den hemmelege avtalen. England sin reaksjon overrumpla nederlendingane og med denne avtalen hadde dei gjeve britane ein god grunn til å ta frå republikken enno fleire av rettane dei hadde. Denne fjerde engelsk-nederlandske krigen (nederlandsk Vierde Engels-Nederlandse oorlog) (1780-1784) viste seg å vere øydeleggjande for Nederlanda, spesielt økonomisk.

Krigsforløpet[endre | endre wikiteksten]

Frå venstre: John Jay, John Adams, Benjamin Franklin, Henry Laurens og William Temple Franklin. Den britiske delegasjonen nekta å posere, og måleriet vart aldri ferdigstilt. (Måla av Benjamin West).

Med omsyn til skip og styrkar var Nederlanda sin marine mindre enn den engelske, etter 1712 hadde den nederlandske flåten tapt seg og no bestod han av tjue linjeskip. England hadde alt vist at dei var sterkare enn Frankrike under sjuårskrigen og sjølv om England tapte slaget ved Doggerbank, greidde ikkje nederlendingane å halde hamner og transportruter over hava opne. I 1777 hadde Republikken starta eit stort prosjekt for bygging av krigsskip, og i løpet av tolv år vart 84 skip bygd. Mellom 1782 og 1784 hadde om lag ein tredjedel av flåten gått ned, skip hadde grunnstøtt, kollidert og vorte øydelagt av storm, og nye skip var ikkje ferdige i tide slik at engelskmennene si erobring av dei enkelte nederlandske koloniane, slik som Sint Eustatius, kunne hindrast. Dette skadde den nederlandske økonomien alvorleg.

Engelskmennene sitt herredøme endra Vilhelm V sin posisjon frå å vere likeverdig med kona si Maria II, til å vere ein marionett som berre kunne regjere på grunn av militær støtte frå Preussen (Trippelalliansen) Krigen enda med ein våpenstillstand mellom England og Frankrike i januar 1783, som Nederlanda slutta seg til og fredsavtalen i Paris vart underteikna 3. september 1783. Han vart ratifisert av Kongressen i 1784. I fredsavtalen vart England gjeve retten til fri handel med ein del av Nederlandsk Austindia. Nederlanda måtte overdra kolonien Negapatnam i India til Storbritannia. Med fredsavtalen enda alliansen mellom Nederlanda og England, og republikken vart sårbar i forhold til Frankrike. I løpet av dei neste ti årene kom Republikken Dei sameinte Nederlanda til å gå under på grunn av dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!