Roseslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Namnet Rosa)
Roseslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Roseslekta Rosa
L., 1753
Rosa moschata

Roseslekta (Rosa) er ei planteslekt i rosefamilien. Slekta har meir enn 100 artar og er naturleg utbreidd i Nord-Amerika, Europa, Asia og Nord-Afrika.

Blomstrane blir kalla roser og blir brukte til pynt, luktprodukt og til mat og drikke. Rosa har sterk kulturell tyding, både som vekst og symbol. Både Rose og Rosa kan også nyttast som namn både på menneske og dyr.

Både dei viltveksande artane og dei framdyrka kulturplantene er kjent for sine vakre blomstrar og duft. Det kan vere eviggrønne eller lauvfeldande busker med opprett, overhengande eller klatrande vekstform. Stenglane har ofte barktornar. Blada er spreiddstilte og ulikefinna med ovale eller elliptiske småblad, som har sagtakka rand. Blomstrane er regelmessige og 5-tallige med kvite, gule, raude eller lyseraude kronblad. Fruktrne er nyper med mange frø.

Namnet «rose» kjem frå fransk, som har fått det frå latin rosa. Her er det innlånt frå gresk rhodion (opphavleg wrodion), som kjem frå semittisk warda, 'rose'.[1][2]

Gul rose.

Nokre viltveksande roser i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet Rose[endre | endre wikiteksten]

Rose har norsk namnedag den 7. september.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Slekta Rosa er delt i i fire underslekter:

  • Hulthemia (tidlegare Simplicifoliae, tyding 'med enkle blad') ein eller to artar frå Sørvest-Asia, R. persica og Rosa berberifolia som er dei einaste rosene utan samansette blad eller stipula.
  • Hesperrhodos (frå gresk for 'vestleg rose') inneheld artane Rosa minutifolia og Rosa stellata, frå Nord-Amerika.
  • Platyrhodon (frå gresk for 'flakete rose', referer til den flakete barken) med ein art frå Aust-Asia, Rosa roxburghii.
  • Rosa (type subgenus) inneheld alle andre roser. Denne underslekta er inndelt i 11 seksjonar.
    • Banksianae - kvite og gule blomstrande artar frå Kina.
    • Bracteatae - tre artar, to frå Kina og ein frå India.
    • Caninae - rosa og kvite blomstrande artar frå Asia, Europa og Nord-Afrika.
    • Carolinae - kvite, rosa og mørkerosa blomstrande artar alle frå Nord-Amerika.
    • Chinensis - kvite, rosa, gule, raude og blandafarga blomstrande artar frå Kina og Burma.
    • Gallicanae - rosa til mørkeraude (crimson) og stripa blomstrande artar frå Vest-Asia og Europa.
    • Gymnocarpae - ein art i vestlege Nord-Amerika (Rosa gymnocarpa), andre i Aust-Asia.
    • Laevigatae - ein einskild kvitblomstrande art frå Kina
    • Pimpinellifoliae - kvite, rosa, sterkt gule, lyslilla (mauve) og stripa blomstrande artar frå Asia og Europa.
    • Rosa (syn. sect. Cinnamomeae) - kvite, rosa, bleiklilla, raudlilla (mulberry) og raude blomstrande artar frå alle område utanom Nord-Afrika.
    • Synstylae - kvite, rosa og mørkeraude (crimson) blomstrande artar frå alle område.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Roseslekta