Stein Winge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stein Winge (fødd 10. november 1940) er ein norsk teaterregissør fødd i Oslo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Winge er utdanna skodespelar, men gjekk raskt over til regi. Han vart først kjent gjennom oppsetjinga av Shakespeare sin HamletTrøndelag Teater i 1972. Han var fast tilsett regissør ved Nationaltheatret i perioden 1971–1976. Etter det gjorde han ei rekkje oppsetjingar på Den Nationale Scene.

Han har sett opp førestillingar, hovudsakleg av Shakespeare (Hamlet, Richard II, Richard III, King Lear og Othello), Goethe, Tsjekov, greske tragediar og nesten alle av verka til Ibsen. Han er òg ein sterk fortolkar av samtidsverk som Merlin (Tancred Dorst), Tiden og rommet (Botho Straus) og Døden og jenta (Ariel Dorfman). Han har arbeidt ved alle norske teater, vore teatersjef ved Nationaltheatret og gjort fleire TV-produksjonar, og han har regissert fleire skodespel ved Los Angeles Theatre Centre. Han har hatt oppsetjingar i fleire byar i Europa.

Over ein 30-årsperiode har han regissert meir enn 150 oppsetjingar innan opera og teater. Han er tidlegare kunstnerisk leiar for Torshovteatret, og var teatersjef på Nationaltheatret frå 1990 til 1992. Sidan 1999 har han vore sjefregissør ved Den Norske Operaen. Han sette opp der opp La traviata i 2003 og Barabbas i 2004. Under Ibsenfestivalen 2006 hadde han regien på Ibsens Når vi døde vågner. Han blir i dag rekna for å vere ein av dei leiande regissørane i landet. I 2007 instruerte han Stiklestad-spelet. 16. august 2008 var det premieren på operaen ToscaOscarsborg Operaen med Stein Winge som regissør. Winge var med på å etablere Oscarsborg Operaen i 1998. Han var òg regissør for Wolfgang Amadeus Mozart sin opera Tryllefløyten, som vart oppført på Oscarsborg Operaen i 1998.

Winge har òg hatt biroller i filmane Afrikaneren (1966), Papirfuglen (1985) og Døden på Oslo S (1990) Og dessutan ei av hovudrollene Frank, i den NRK-produserte serien Koslig med peis (2010)

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Av prisane Winge har vunne er også Heddaprisen. Denne vann han for sin regi av Il Trittico av Puccini. Han er òg utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden. Han fekk Kulturprisen av Oslo by i 2006.[1]

Personlege tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Winge har vore gift med skodespelaren Kari Onstad sidan 1964. Han er far til modell og skodespelar Viktoria Winge og skodespelar Julie Winge. Han var son av kunstnaren Sigurd Winge (f. 1909, d. 1970) og eksskodespelaren Eva.

I eit intervju i 2005, på TV2-serien Tonje Steinsland møter..., fortalde han om ein vanskeleg barndom med mobbing på skulen og korleis dette prega han i vaksen alder. Det vanskelege tilhøvet mellom foreldra hans bidrog òg til at barndomen var tung [2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]