Arkitekten Henrik Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik Bull
Nationaltheatret i Oslo er teikna av Henrik Bull. (Foto: Chris Nyborg)
Regjeringsbygget i Oslo er teikna av Henrik Bull. (Foto: Bjørn Erik Pedersen)

Henrik Bull (28. mars 18642. juni 1953) var ein norsk arkitekt fødd i Oslo. Byggjestilen hans var påverka av jugendstilen men hadde òg nasjonalromantiske trekk.

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole og Den kongelige Tegneskole før han fullførte arkitektstudiene sine med tre år ved Königliche Technische Hochschule i Berlin.

Bull gjorde seg først kjend som kyrkjearkitekt. Han stod for Pauluskyrkja på Grünerløkka og den nye kyrkja i Uvdal. Seinare fekk han dei ærefulle oppdraga å teikna Nationaltheatret, Historisk Museum og Regjeringsbygget, som i dag husar Finansdepartementet.

Han gav óg form til Lohengrin sjokolade.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Stephan Tschudi-Madsen, Henrik Bull, Oslo: Universitetsforlaget, 1984. ISBN 82-00-06270-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]