Nedre Tunguska
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nedre Tunguska | ||
| Utspring | Det sentralsibirske platået | |
| Munning | Jenisej | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 2989 km | |
| Middelvassføring | 3600 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 473 000 km² | |
Nedre Tunguska (russisk Нижняя Тунгуска – Nizjnjaja Tunguska) er ei elv i Sibir i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 2989 km lang og har eit nedslagsfelt på 473 000 km². Elva har ei middelvassføring på 3600 m³/s.
Nedre Tunguska spring ut frå Det sentralsibirske platået i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj.
Rundt 120 km frå munningen er det planlagt å byggje ei 200 meter høg demning med eit vasskraftverk på mellom 12 000 og 20 000 MW, som vil verte eitt av dei største i verda. Bygginga skal ta til i 2010 og vil skape eit enormt reservoar som dekkjer 10 000 km². Dette vil dekke store taigaområde, som mellom anna inneheld atomfarleg avfall.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nedre Tunguska» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2008.