Nikolaj Puzanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nikolaj Vasiljevitsj Puzanov (russisk: Николай Васильевич Пузанов) (7. april 19383. januar 2008) var ein sovjet-russisk skiskyttar frå Kysjtym i Tsjeljabinsk oblast. Han tok sølvmedaljen i den individuelle øvinga under verdsmeisterskapen 1965 på Elverum og vart olympisk meister med Sovjetunionen i 4x7,5 stafett i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1962-69 deltok Puzanov i alle dei internasjonale meisterskapane i skiskyting. I 1965 vann han sølvmedaljen på 20 km under VM i Elverum, seks tidels sekund føre Antti Tyrväinen frå Finland, og vel 22 sekundar bak verdsmeisteren Olav Jordet. I same meisterskapen gjekk han på Sovjetunionen sitt stafettlag som fekk bronse. To år seinare vart det VM-sølvmedalje på Puzanov og dei andre på Sovjetunionen sitt stafettlag. Under vinterleikane i Grenoble i 1968 vart han så olympisk meister i skiskyting i nettopp stafett, då han og lagkameratane Aleksandr Tikhonov, Vladimir Gundartsev og Viktor Mamatov vann 4 x 7,5 km stafett, framom Noreg og Sverige.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar