Nobelprisen i økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nobelprisen i økonomi 2008

Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel , som regel kalla Nobelprisen i økonomi, er ein pris som blei innstifta i 1969, til trehundreårsjubiléet åt den svenske Riksbanken. Dette er ikkje eigentleg ein Nobelpris, ettersom han ikkje har noka tilknyting til Alfred Nobel sitt testamente. Arvingane hans har konsekvent avvist all bruk av nemninga «Nobelpris» i samband med denne prisen. Utmerkinga følgjer likevel den same utdelingsprosedyren som dei andre prisane, har liknande premiar og prestisje, og blir av mange rekna som ein litt yngre nobelpris.

Kungliga Vetenskapsakademin, som òg deler ut nobelprisane i kjemi og fysikk, vel ut vinnaren. Ein komité med fem til åtte medlemmer mottek nominasjonar frå rundt hundre levande økonomar. Dei vel ut opptil tre kandidatar som Nobelrådet deretter stemmer over.

Sjølv om han er den mest moderne av nobelprisane, har økonomiprisen òg vore den mest einsretta når det gjeld å velja vinnarar. Langt dei fleste vinnarane er europeisk-ætta menn over 60 år, helst tilsette ved prestisjetunge amerikanske universitet. Så langt er det berre éi kvinne som har fått prisen. Tildelingane er òg blitt kritiserte for å favorisera neoliberal økonomi.

Økonomiprisvinnarar[endre | endre wikiteksten]