Nordbrunkivi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordbrunkivi

Status i verda: EN Sterkt truga

Nordbrunkivi på fjellet Maungatautari Foto: Maungatautari Ecological Island Trust
Nordbrunkivi på fjellet Maungatautari
Foto: Maungatautari Ecological Island Trust

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Apterygidae
Slekt: Apteryx
Art: A. mantelli
Vitskapleg namn
Apteryx mantelli
Bartlett, 1851

Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, er ein kiviart som er utbreidd i dei nordlege to tredjedelar av Nordøya på New Zealand, og med ca. 35 000 gjenlevande individ,[1] er dette den mest vanlege av alle kiviar. Arten er ein del av brunkivikomplekset, tidlegare èin art brunkivi, Apteryx australis, og er morfologisk svært lik dei to andre medlemmene, sørbrunkivi og okaritokivi.

Nordbrunkivi finst på isolerte, fragmenterte stader over store delar av Nordøya. Nordbrunkivi har vist uvanlege tilpassingsevner til å leve på krattaktig åkerland, i plantasjar og i urskog, men dei føretrekk framleis tett, subtropisk og temperert skog.[1]

Hofuglar er ca. 40 cm høge og veg ca. 2,8 kg, hannane er noko mindre ca. 2,2 kg. Fjørdrakta er stripa i raudbrunt og er busta.

Paret har 2-3 kull i året med to egg i kvart kull, nokre gonger eitt egg. Ungane har utvikla fjørdrakt ved klekking, forlèt reiret og kan klare seg sjølv innan ei veke.[1]

Populasjonen er estimert til totalt over 35 000 individ (2008) og er minkande.[1] Nordbrunkivi har status 'sterkt truga', i følgje IUCN raudliste, den største trusselen kjem frå rovdyr, slik som hundar, kattar og røyskatt. 94 % av ungane døyr i områda der tiltak mot pattedyr ikkje er utført.[1] Men i område under aktiv forvaltning, kan overlevingsraten for nordbrunkivi vere langt høgare. Til dømes, takka vere pågåande skadedyrskamp i eit område av Tongariro-reservatet, blei overlevingsraten nesten dobla i eit år med tiltak.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Department of Conservation, New Zealand (2012)

Facts about Northland brown kiwi. Henta frå http://doc.govt.nz/ den 7. juli 2012.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 BirdLife International 2012
  2. Department of Conservation, New Zealand (2012) Tongariro Kiwi Sanctuary Henta frå http://doc.govt.nz/ den 7. juli 2012.