Grønlandshavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grønlandshavet i Norskehavet

Grønlandshavet er eit havområde i Nordishavet mellom Grønland, Svalbard, Jan Mayen og Island. I mange samanhengar vert Grønlandshavet rekna som ein del av Norskehavet. Det har eit areal på 465 000 km².

Grønlandshavet er ein arm av Nordishavet og hovudutløpet frå Nordishavet til Atlanterhavet. På grunn av drivis er dei nordlege områda sjeldan open for skipstrafikk.

Middeldjupet i Grønlandshavet er nær 1 450 m. Det djupaste punktet finn ein i den nordaustlege delen og er på 5 600 m (Molloydjupet).

Mange lågare livsformer i botn av næringskjeden held til i Grønlandshavet. Store virvellause dyr, fiskar (som torsk, sild, uer, kveite og raudspette), fuglar og pattedyr (inkludert selar, kvalar og delfinar) lever alle av dei mindre virvellause dyra og små organismar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 76°40′N 8°10′W