Piggsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Piggsvin

Piggsvin
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Erinaceomorpha
Familie: Erinaceidae
Slekt: Erinaceus
Vitskapleg namn
Erinaceus europæus

Piggsvin eller bustyvel (Erinaceus europæus) er eit dyr i piggsvinfamilien som finst i nesten heile den palearktiske regionen, men berre sjeldan lenger nord enn 60°N, og ikkje i Himalaya og Nord-Afrika,

Piggsvinet er eit dyr på om lag 20 cm med spiss snute og harde, kvasse piggar på ryggen. Det lever i skog-, landbruks- og nokre bustadsområde. Det er nattaktivt og går i hi om vinteren. Dyret lever på sniglar, makkar, biller og andre insekt, og kan òg eta froskar, små gnagarar, fugleegg og ungfuglar.

Samankrølla piggsvin.

Eit skremt piggsvin vil krølla seg ihop til ein ball slik at piggane dekker heile dyret, og rovdyr ikkje klarer å skada det. Denne forsvarsmekanismen er kjent for å verka svært dårleg mot trafikk. Når dei går i dvale kan kroppstempraturen synke ned til ein grad celcius ognervane reagerar ikkje.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Piggsvin
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.