Nynorsk programvare
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Dette er eit oversyn over nynorsk programvare, eller programvare omsett til nynorsk.
Nynorsk programvare for Microsoft Windows
[endre | endre wikiteksten]Grafiske grensesnitt
[endre | endre wikiteksten]Brukarar av Microsoft Windows XP, Windows Vista, Windows 7, 8 og 10 kan installere nynorsk språkgrensesnitt. Frå og med Windows 8 kan brukarar endre systemspråket til nynorsk frå Kontrollpanelet; tidlegare utgåver av Windows krever at brukaren lastar ned ein installasjonsfil frå Microsoft sine nettsider[1]
Microsoft har også gjeve ut nynorsk språkgrensesnittpakkar for Microsoft Office. Desse må i regelen lastast ned og installerast av brukaren manuelt. Microsoft Office kjem med med nynorsk stavekontroll som ein ikkje treng installere manuelt.
Nettlesarar
[endre | endre wikiteksten]- Internet Explorer
- Vivaldi[2] - basert på Chrome
- Mozilla Firefox
- Microsoft Edge (for nynorsk Windows 10)
E-post-klientar
[endre | endre wikiteksten]Andre kommunikasjonsprogram
[endre | endre wikiteksten]- Skype er eit telefoni-, SMS- og direktemeldingsprogram.
Kontorpakkar
[endre | endre wikiteksten]- Libreoffice
- Microsoft Office 2003, 2007, 2010, 2013 og 2016 har språkgrensesnittpakkar på nynorsk som inkluderer grensesnitt, ordliste, stavekontroll, orddelings- og korrekturverktøy.
- OpenOffice.org
Utviklarverktøy
[endre | endre wikiteksten]- Notepad++ er ein teksteditor, meint som eit kraftigare alternativ til Windows Notepad.
Nynorsk programvare for Apple macOS
[endre | endre wikiteksten]Grafiske grensesnitt
[endre | endre wikiteksten]Brukargrensesnittet til macOS finst berre på bokmål.
Dei grafiske grensesnitta som er omhandla i GNU/Linux-delen kan i prinsippet køyrast på macOS, men dette krev kompetanse innanfor datateknologi og er ikkje tilrådeleg for kvardagsbrukarar.
Nettlesarar
[endre | endre wikiteksten]- Mozilla Firefox
- Vivaldi[3]- basert på Chrome
E-post-klientar
[endre | endre wikiteksten]Kontorpakkar
[endre | endre wikiteksten]- OpenOffice.org—database, presentasjon, teksthandsaming med meir utvikla som open kjeldekode med stønad frå det amerikanske firmaet Sun Microsystems
- NeoOffice—baserer seg på OpenOffice.org, men har til mål å vera betre integrert med brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Apple Macintosh-datamaskinar
- AbiWord -- teksthandsamar. Open kjeldekode
- LyX (teksthandsamar for LaTeX). Open kjeldekode
Nynorsk programvare for GNU/Linux-operativsystem
[endre | endre wikiteksten]Fleire typar GNU/Linux
[endre | endre wikiteksten]- Debian GNU/Linux er ein GNU/Linux-distribusjon som fokuserer på å vera for det meste fri programvare, og er populær mellom meir avanserte GNU/Linux-brukarar.
- Fedora GNU/Linux er ein annan populær GNU/Linux-variant som stammar frå den tidlegare distribusjonen Red Hat Linux (som vidareutviklast som tenardistribusjon og distribusjon for profesjonelle arbeidsstasjonar).
- Skulelinux er den mest kjende norske GNU/Linux-distribusjonen. Den har vorte kjend gjennom at mange skular i Noreg ønskte å byte frå Windows til Skulelinux for å spare pengar og tilby elevane med nynorsk som hovudmål digitale læremiddel på eige språk.
Grafiske grensesnitt
[endre | endre wikiteksten]- KDE
- GNOME er eit grafisk skrivebordsmiljø som i hovudsak vert utvikla av miljøet kring Free Software Foundation og GNU
- XFCE er eit fritt skrivebordsmiljø som har til mål å vera mindre ressurskrevjande enn dei to som er nemnde ovanfor
Nettlesarar
[endre | endre wikiteksten]- Mozilla Firefox
- Vivaldi[2] - basert på Chrome
E-post-klientar
[endre | endre wikiteksten]- Mozilla Thunderbird
- KMail—ein del av KDE-skrivebordsmiljøet
Kontorpakker
[endre | endre wikiteksten]- OpenOffice.org
- LibreOffice open kjeldekode, kompatibel med OpenOffice og har i stort mon erstatta denne
- StarOffice—den proprietære utgåva av programvarepakka Openoffice. Har fleire funksjonar og betre støtte for aust-asiatiske språk.
- GNOME Office kontorpakke som består av skriveprogrammet AbiWord, reknearket Gnumeric samt databaseverktøyet GNOME-DB. Programma er lausare integrert med kvarandre enn andre pakker. Mange ser difor på dei som sjølvstendige program.
- KOffice—kontorpakke, med KWord (teksthandsamingsverktøy), KSpread (rekneark), KPresenter (presentasjonsverkøy), Kexi (database), Kivio (teikneverktøy for flytdiagram), Karbon14 (teikneverktøy for vektorgrafikk), Krita (biletehandsamingsverktøy), KPlato (prosjektplanleggingsverktøy), KChart (grafikkverktøy), Formula (matematikkeditor) og Kugar (rapportgenerator).
- LyX (teksthandsamar for LaTeX).
Nynorsk programvare for proprietære UNIX-operativsystem eller frie BSD-variantar
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste av programma som er nemnde for GNU/Linux kan òg køyrast på desse systema. Dette gjeld særleg Sun Solaris og dei frie BSD-variantane FreeBSD, NetBSD og OpenBSD.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Microsoft. «Språkpakker - Windows Help». Henta 30.12.2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Nettlesaren Vivaldi».
- ↑ «Nettlesaren Vivaldi».
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nynorsk.no si liste over nynorsk programvare Arkivert 2005-09-20 ved Wayback Machine.
- Språkrådet si liste over nynorsk programvare
- Programvare.info - oversyn over ein del tilgjengeleg programvare, tenester og nettsider på norsk Arkivert 2012-06-27 ved Wayback Machine.
- Nynorsk språkpakke for Windows Vista
- Nynorsk språkpakke for Windows XP
- Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2007
- Nynorsk språkpakke for Microsoft Office 2003
- Nynorsk språkpakke for Internet Explorer 7 for XP
- Heimesidene til Debian-prosjektet
- Heimesidene til Skolelinux-prosjektet
- Heimesidene til Fedora-prosjektet
- Heimesidene til Ubuntu-prosjektet
- Heimesidene til Firefox og andre Mozilla-produkt
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet GNOME
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet KDE
- Heimesidene til skrivebordsprosjektet XFCE
- Heimesidene til nettlesaren Opera
- Last ned nynorsk språkfil for Skype[daud lenkje]
- Last ned nynorsk språkfil for Notepad++ Arkivert 2011-09-30 ved Wayback Machine.
- Heimesidene til programvarepakka OpenOffice.org
- Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet AbiWord
- Heimesidene til teksthandsamingsprogrammet LyX
- Heimesidene til KOffice-prosjektet
- Heimesidene til FreeBSD-prosjektet
- Heimesidene til NetBSD-prosjektet
- Heimesidene til OpenBSD-prosjektet