Odd Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odd Eriksen

Odd Eriksen (fødd 11. mars 1955 i Sandnessjøen) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart den 17. oktober 2005 utnemnd til statsråd for Nærings- og handelsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Den 29. september 2006 vart det kunngjort at han gjekk av som statsråd. Dag Terje Andersen tok over, og Eriksen vart fylkesrådsleiar i Nordland fylke i desember same år.

Eriksen budde lenge i Dønna. Han starta arbeidskarrieren sin i elektrolysen ved Elkem Aluminium i Mosjøen. I åra 1986–1990 var han fagforeiningsleiar i MKAF (Mosjøen kjemiske arbeiderforening), som er den lokale foreininga av NKIF. Mellom anna leia han streiken under lockouten i 1986. Han var vararepresentant for Bjarne Mørk Eidem til Stortinget i åra 1989–1993, han sat då i justiskomiteen i Stortinget. Han var fast stortingsrepresentant i åra 1993–2001. I tida frå 1993 til 1997 var han òg nestleiar i forsvarskomiteen i Stortinget. Frå 2003 og fram til utnemninga som statsråd, var han fylkesråd for samferdsle og leiar for Arbeidarpartiet i Nordland.

Eriksen vart landskjend då han var med på å overmanna kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004. Dermed hindra han at flyet styrta.