Dag Terje Andersen
Dag Terje Andersen (fødd 27. mai 1957 i Frogn i Akershus fylke) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som har vore stortingspresident sidan 8. oktober 2009. Han hadde to postar i regjeringa Stoltenberg II, fyrst statsråd i Nærings- og handelsdepartementet frå 29. september 2006 til 20. juni 2008, då han vart statsråd i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, noko han var fram til 2. oktober 2009. I tillegg var han ein kort periode i 2006–2007 fungerande statsråd i Fiskeri- og kystdepartementet.
Dag Terje Andersen er busett i Lardal og vart fyrste gong medlem av kommunestyret der i 1983. Frå 1987 til 1992 var han ordførar i kommunen. Regjeringskarrieren sin byrja han alt i 1992, då han var politisk rådgjevar og statssekretær i høvesvis Utanriksdepartementet og Sosialdepartementet. Andersen var også statsråd i Landbruksdepartementet i regjeringa Jagland frå 1996 til 1997. I perioden mellom 1992 og 1996 var han partisekretær i Arbeidarpartiet, og han har sete i sentralstyret i partiet sidan 2002.
Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold i 1997. I perioden som byrja i 2001 var han vararepresentant, før han på nytt vart vald inn i 2005. Det var Silvia K. Kosmo som var vararepresentant for han medan han sat i regjering i denne perioden. Andersen var også vararepresentant i periodane 1985–1989 og 1989–1993. Som stortingsrepresentant har Dag Terje Andersen hatt leiarverv i to ulike stortingskomitear; han leidde Finanskomiteen frå 2000 til 2001 og Kommunal- og forvaltningskomiteen frå 2005 til 2006.
Andersen arbeidde i perioden 1977–1979 som smelteverksarbeidar, og frå 1979 til 1992 og i 2002 som skogsarbeidar. I 2002 studerte han også journalistikk ved Folkeuniversitetet. Etter dette, i perioden 2003–2005 var han innanlandssjef i Norsk Folkehjelp.
Kjelder [endre]
- Knut Olav Åmås [red.]: «Andersen, Dag Terje» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
- Biografi på Stortinget.no
| Føregjengar Thorbjørn Jagland |
Stortingspresident i Noreg 2009–2013 |
Etterfylgjar — |
| Stortingspresidentar etter 1945 | |
|---|---|
| Carl Joachim Hambro (–1945) · Fredrik Monsen (1945–49) · Gustav Natvig-Pedersen (1949–54) · Einar Gerhardsen (1954–55) · Oscar Torp (1955–58) · Nils Langhelle (1958–65) · Bernt Ingvaldsen (1965–72) · Leif Granli (1972–73) · Guttorm Hansen (1973–81) · Per Hysing-Dahl (1981–85) · Jo Benkow (1985–93) · Kirsti Kolle Grøndahl (1993–2001) · Jørgen Kosmo (2001–05) · Thorbjørn Jagland (2005–09) · Dag Terje Andersen (2009–) |
| Norske landbruksministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Einar Frogner (1945) · Kristian Fjeld (1945-51) · Olav Oksvik (1947-48) · Rasmus Nordbø (1951-55) · Olav Meisdalshagen (1955-56) · Harald Løbak (1956-60) · Einar Wøhni (1960-63) · Hans Borgen (1963) · Leif Granli (1963-65) · Bjarne Lyngstad (1965-70) · Hallvard Eika (1970-71) · Thorstein Treholt (1971-72) · Einar Moxnes (1972-73) · Thorstein Treholt (1973-76) · Oskar Øksnes (1976-81) · Johan C. Løken (1981-83) · Finn T. Isaksen (1983-85) · Svein Sundsbø (1985-86) · Gunhild Øyangen (1986-89) · Anne Vik (1989-90) · Gunhild Øyangen (1990-96) · Dag Terje Andersen (1996-97) · Kåre Gjønnes (1997-2000) · Bjarne Håkon Hanssen (2000-01) · Lars Sponheim (2001-05) · Terje Riis-Johansen (2005-08) · Lars Peder Brekk (2008-12) · Trygve Slagsvold Vedum (2012-) |