Olav Dalgard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Dalgard (òg Olaf Hansen) (19. juni 189825. desember 1989), fødd i Folldal, død i Bærum) var ein norsk filmregissør, målmann og litteraturhistorikar.

Dalgard voks opp i Oppdal, dit familien flytta då han var tre år gammal. Han tok magistergraden i litteratur og kunsthistorie ved Universitetet i Oslo i 1929. Under studietida var han formann i Studentmållaget og aktiv i Mot Dag-rørsla.

Dalgard arbeidde som litteraturkritikar i Dagbladet og Arbeiderbladet. Frå 1931 var han dramaturg og instruktør ved Det Norske Teatret. Han studerte film i Sovjetunionen, og produserte i 1930-åra fleire filmar med sosialistisk bodskap. Dalgard var også aktiv i Arbeidarpartiet si kulturverksemd.

Under andre verdskrigen vart Dalgard i 1942 arrestert av dei tyske okkupantane og send til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

Etter krigen skreiv Dalgard blant anna den norske teatersoga, Teateret frå Aiskylos til Ibsen (1948) og teoretiske arbeid om film. Han var delaktig i etableringa av Norsk Filminstitutt.

Dalgard var medlem av Statens filmråd, formann i Norsk litteraturkritikerlag 195355 og president i Human-Etisk Forbund 196577.

I 1961 vart Dalgard statsstipendiat. For arbeidet sitt mottok han i 1978 Norsk kulturråds ærespris. Han har lånt namnet sitt til Dalgards krititikarpris som vert utdelt årleg av Norsk kritikerlag til ein kritikar innan litteratur, film eller teater.

Verk[endre | endre wikiteksten]

bøker
  • Frøydis Haavardsholm – (1930)
  • Sosialt teater – sakproasa (1933)
  • Vi bygger fabrikken – talekor (1934)
  • Gjennom mørkret. Dikt frå fangelægret – lyrikk (1945)
  • Teateret frå Aiskylos til Ibsen – sakprosa (1948)
  • Filmskuespillet – sakprosa (1951)
  • Teateret i det 20. hundreåret – sakprosa (1955)
  • Lars Tvinde – biografi over Lars Tvinde (1966)
  • Inge Krokann – biografi over inge Krokann (1970)
  • Europeisk drama frå antikken til realismen – sakprosa (1972)
  • Samtid 1. Politikk, kunstliv og kulturkamp i mellomkrigstida – sjølvbiografi (1973)
  • Samtid 2. Krig og etterkrigsproblem – selvbiografi (1978)
  • Kunst og kunstnarar frå Oppdal i gammal og ny tid – sakprosa (1979)
Filmar
  • Samhold må til (1935)
  • Vi bygger landet (1936)
  • By og land, hand i hand (1937)
  • Det drønner gjennom dalen (1938)
  • Lenkene brytes (1938)
  • Gryr i Norden (1939)
  • Om kjærlighet synger de (1946)
  • Vi vil leve (1946)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing av tilsvarande artikkel frå bokmålswikipedia