Olav Scheflo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav Scheflo

Olav Scheflo (9. september 188325. juni 1943) var ein norsk politikar og journalist, opphavleg frå Steinkjer.

Han blei etter sigeren til den radikale fløya i Det norske Arbeidarpartiet (DNA) på landsmøtet i 1918 redaktør i hovudorganet Social-Demokraten (no Dagsavisen) i Oslo. Scheflo var tilhengar av den Tredje Internasjonalen(Komintern), og støtta både medlemskap for DNA i denne, og dei 21 opptaksvilkåra («Moskva-tesene»). I 1921 måtte Scheflo gå av som redaktør i hovudorganet, men blei i staden DNA sin medlem i leiinga for Komintern. Frå 1922 var han også stortingsrepresentant, og parlamentarisk leiar for DNA.

Ved partikløyvinga i 1923 gjekk han med i Norges Kommunistiske Parti NKP, der han blei vald inn i partileiinga, som Kominternrepresentant (til 1927) og til redaktør i hovudorganet Norges Kommunistblad. Scheflo var politisk relativt moderat, og blei rekna til høgrefløya i NKP. Den indre striden i partiet førte til at han trekte seg som redaktør av hovudorganet i 1926.

I mars 1928 gjekk Scheflo ut av NKP i protest mot partiet si negative haldning til regjeringa Hornsrud. Frå 1929 var han medlem i DNA, og frå 1931 var han redaktør i partiavisa Sørlandet i Kristiansand.

Han forsvarte offentleg Lev Trotskij mot åtaka frå både borgarleg og stalinistisk hald da den gamle bolsjeviken hadde tilhald i Noreg i 1935-1936, mens mange i DNA elles var uklare og vaklande, såleis til dømes Martin Tranmæl i hovudorganet Arbeidarbladet. Scheflo var likevel ikkje «trotskist» i tydinga samd med Trotskij i alt.

Scheflo si bok Den røde tråd i Norges historie gjer greie for hans politiske ståstad, midt i den folkeleg-radikale tradisjonen i Noreg.