Christopher Hornsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christopher Hornsrud

Christopher Hornsrud (15. november 185912. desember 1960) var statsminister og også finansminister i den første Arbeidarpartiregjeringa her i landet, i 1928, Hornsrud-regjeringa. Denne regjeringa var svært kortvarig, berre 18 dagar, men Hornsrud var aktiv på venstresida i eit langt liv.

Hornsrud var frå Eiker, og han var gardbrukar. I 1880 var han med og skipa til Venstre-foreininga i Buskerud, han stod på den radikale fløya i dette partiet. Han var og med og danna ei arbeidarforeining for Buskerud i 1888, og denne gjekk i 1893 over i Arbeidarpartiet.

I sosialdemokratiet, kom Hornsrud til å arbeide mykje med jordbrukspolitikken, og alt frå 1902 fekk han gjennom eit jordbruksprogram tilpassa norske tilhøve med mange sjølvstendige småbrukarar, som Hornsrud kalla «arbeidarbønder». I staden for å gå inn for at heile jordbruket skulle kollektiviserast, ville den norske arbeidarrørsla etter dette forsvare familiebruket mot utbytting frå bankar og mellommenn i omsetningsleddet. Hornsrud har såleis mykje av æra for at arbeidarrørsla her i landet etter kvart fekk mykje større oppslutning frå småbøndene enn mange andre sosialistparti i Europa.

Hornrud var stortingsrepresentant frå Buskerud frå 1912 til 1936. Frå 1928 til 1934 var han visepresident i Stortinget. Også på tinget arbeidde Hornsrud mykje med jordbrukssaker, attåt finans- og skattespørsmål.

Valet i 1927 gjorde Arbeidarpartiet til største parti i landet. Men det var borgarleg fleirtal på Stortinget. Dei borgarlege partia, Høgre, Venstre og Bondepartiet, var sterkt usamde seg imellom, og da vende Kong Haakon seg til Arbeidarpartiet sjølv om det var ramaskrik i den borgarlege pressa. Trass i indre motsetningar i Arbeidarpartiet om det var rett å gjere det, blei så Hornsrud-regjeringa skipa først på året 1928. Hornsrud var som Olav Oksvik og Johan Nygaardsvold for regjeringsforsøket, både fordi visse reformer kanskje kunne oppnåast, og fordi dei fleste veljarane til partiet truleg meinte ein måtte prøve.

Men regjeringa blei fort felt av det borgarlege stortingsfleirtalet, etter at leiande bankfolk hadde fått Venstre-leiaren til å setje fram mistillitsforslag. Regjeringa sat dermed berre 18 dagar, frå 28. januar til 15. februar 1928.

Dette blei så bruka av dei meir anti-parlamentariske kreftene i Arbeidarpartiet, med Martin Tranmæl i spissen, til blant anna å fjerne prinsippet om folkefleirtalet frå partiprogrammet i 1930, noko som sikkert bidrog til tilbakeslaget for partiet ved valet i 1930.

Hornsrud kom som Oksvik og Nygaardsvold til stå til venstre innanfor Arbeidarpartiet etter andre verdskrigen. Han var i 1953 med og skipa avisa Orientering, i opposisjon til partileiinga si linje både utan- og innanrikspolitisk. Det kan verke som eit paradoks at demokratiske og reformistiske sosialistar som Hornsrud, som før krigen hadde vore rekna som tilhøyrande høgrefløya i Arbeidarpartiet, etter krigen klart høyrde til venstrefløya. Spørsmålet er vel om det var Hornsrud eller partiet som hadde endra seg mest.