Ole Sæther
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Sæther (23. januar 1870–13. oktober 1946) var ein norsk skyttar frå Steinkjer som var aktiv tidleg på 1900-talet. Han tok til saman fire medaljar i tre forskjellige OL.
Under sommar-OL i Paris i 1900 var han med på laget som tok den første lagmedaljen til Noreg under eit OL. Øvinga var armégevær, og på sølvlaget deltok forutan Sæther, Ole Østmo, Hellmer Hermandsen, Olaf Frydenlund og Tom Seeberg.
Åtte år seinare under Sommar-OL i London 1908 tok han gullmedalje i lag, frigevær, og bronse individuelt 300 m frigevær. I Stockholm-OL 1912 tok han sin fjerde medalje, òg denne gangen var det sølv, og øvinga var lag, frigevær.
OL-medaljar [endre]
- 1908
Storbritannia London -
Gull i skyting, 300 m rifle, 3 stillingar, lagskyting - 1900
Frankrike Paris -
Sølv i skyting, 300 m armégevær, 3 stillingar, lagskyting - 1912
Sverige Stockholm -
Sølv i skyting, 300 m rifle, lagskyting - 1908
Storbritannia London -
Bronse i skyting, 300 m rifle, 3 stillinger
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ole Sæther» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2009.