Olga Rozanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportett, 1911

Olga Vladimirovna Rozanova, (russisk: Ольга Владимировна Розанова) (21. juni 18867. november 1918) var ein russisk kunstmålar. Ho var ein avantgarde-kunstnar som knytte seg til fleire stilretningar i samtidskunsten, så som suprematisme, ny-primitivisme og kubo-futurisme.

Rozanova var fødd i Melenki, ein småby nær storbyen Vladimir. I 1904 tok ho til med ei mangeårig læretid ved kunstskulen driven av K. Bolsjakov og Konstantin Juon i Moskva. Samstundes studerte ho ved Stroganovs Skule for anvendt kunst.

Smie, 1912

Frå 1911 var Rozanova ein av dei mest aktive medlemene av Ungdomsforbundet (Sojuz Molodjozjij). Året etter innleia ho vennskap med futurist-poetane Velimir Khlebnikov og Aleksej Krutsjonykh, den siste hennar framtidige ektemann.

Suprematisme[endre | endre wikiteksten]

I 1916 vart Rozenova med i ei gruppe av russiske avantgarde-kunstnarar, Supremus, der futuristen Kasimir Malevitsj var den leiande. Ved den tid hadde måleria hennar utvikla seg vidare frå påverknaden av kubismen og den italienske futurismen. Bileta tok eit fullstendig originalt byks over i rein abstrahering, der biletkomposisjonen er organisert av trykket på synet og med relasjonane mellom fargane.

I 1917-18 laga Rozanova ei serie av ikkje-fokuserte måleri som ho kalla for tsv'etopis'. Hennar ikkje-fokuserte komposisjon 1918, også kjend som Grøn strime er eit førevarsel om det flate biletet, planet og dei poetiske nyansane i fargane til somme abstrakt-ekspresjonistar.

Olga Rozanova døydde i Moskva i ein difteri-epidemi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Olga Rozanova