Suprematisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Malevitsj: Svart boks, 1913
Malevitsj: Svart sirkel, 1913

Suprematisme (russisk супрематизм) var ei moderne russisk kunstrørsle konsentrert om grunnleggande geometriske former, framom alt firkanten og sirkelen. Rørsla vart grunnlagd av Kasimir Malevitsj med verk skapte rundt 1913 og presentert i 1915 ved 0,10-utstillinga i St. Petersburg, der Malevitsj og 13 andre kunstnarar stilte ut 36 verk i liknande stil.[1] Omgrepet «suprematisme» viser til ein abstrakt kunst som byggjer på overhøgda til «rein kunstnarleg kjensle» i staden for den kunstnarlege avbildinga av ting.[2]

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Kasimir Malevitsj: Todimensjonelt sjølvportrett, 1915.
Kasimir Malevitsj: Suprematism (Supremus No. 58), Krasnodar kunstmuseum, 1916)
Kasimir Malevitsj: 'Suprematistisk komposisjon - kvitt på kvitt, 1918.

Suprematismen blei grunnlagd under den første verdskrigen, som trass alt var ei rik kunstnarisk tid i Russland. Dei mange nye og frodige kunstuttrykka innan måleri, poesi og teater jamsides ei fornya interesse for tradisjonell russisk folkekunst la grunnlaget for eit rikt miljø der modernistisk kultur vart boren fram.

I 1915 presenterte Kasimir Malevitsj og likesinna både suprematistiske kunstverk og redigerte eit manifest, Ot kubizma i futurizma k suprematizmu: Novy zhivopisny realizm ('Frå kubisme og futurisme til suprematisme: Ny målar-realisme'), som kom ut i 1916.[3]

Dei tidlege suprematistiske verka nytta enkle former som firkantar, sirklar og krossar. Fargepaletten for suprematismen i byrjinga var svart, kvitt, raudt, grønt og blått. Malevitsj nytta seinare fleire fargar (brunt, rosa og lilla) og former, som sirkeldelar og små trekantar, med variasjonar i tilhøvet mellom dei og illusjonar av tredimensjonalitet i verka. I verk frå 1917-1918 nytta Malevitsj kvitt på kvitt der alt som er igjen av figurane er eit svakt omriss.[3] Malevitsj sjølv delte utviklinga av suprematismen inn i tre fasar, «svart», «farga» og «kvit».[4]

Inspirasjonskjelder[endre | endre wikiteksten]

Då Kasimir Malevitsj skapte suprematismen i 1915 var han allereie ein etablert målar innan kubofuturismen. I 1912 hadde vist verk i denne stilen sine i utstillingane Eselhalen og Der Blaue Reiter. Malevitsj rekna også produksjonen av Aleksej Krutsjonykh sin futurist-opera Siger over sola, som viktig for skapinga av suprematismen. I 1913 teikna Malevitsj både kostymer og kulissar til operaoppsetjinga i ein stil som både hadde kubofuturistisk preg og peikte fram mot suprematismen, med enkle former og bruk av svart og kvitt.[4] Ei av teikningane av sceneteppet syner ein svart firkant delt diagonalt i eit svart og eit kvitt triangel. Det enkle i desse formene peika på sitt vis fram mot noko heilt nytt.

Malevitsj var elles mykje påverka av den russiske mystikk-matematikaren og filosofen P.D. Ouspenskij. Han skreiv ei bok om «ein fjerde dimensjon eller veg, med tilgang bortom dit dei tre ordinære sansane rekk».[5]

I boka «Den nonobjektive verda», som han gav ut som Bauhaus-bok i 1927, skildrar Malevitsj inspirasjonen som bringa fram eit sterkt bilete av den svarte firkanten mot ein kvit bakgrunn:

Inn i meg kjende einast natt, og det var då at eg fann den nye kunsten, som eg kalla suprematisme.

Han skapte ein suprematist-grammatikk basert på reine geometriske former; i særleg grad kvadratet og sirkelen. I 0,10-utstillinga i 1915 viste Malevitsj sine tidlege forsøk på suprematistmåling. Hovudverket i denne utstillinga var Svart kvadrat[6] plassert i det russisk-ortodoks tradisjon kallar raudt/vakkert hjørne; staden i huset der det viktigaste ikonet er. Svart boks vart måla i 1915 og vart presentert som eit gjennombrot for både kunstnaren og for kunsten i seg sjølv. Malevitsj måla også Kvitt på kvitt, også det verket framheva som ein milepåle. Kvitt på kvitt var eit gjennombrot frå polykrom til monokrom suprematisme.

Kunstnargruppa og tilknytte kunstnarar[endre | endre wikiteksten]

0,10-utstillinga.

Kunstnarane som stilte ut ved den første suprematist-utstillinga i 1915 var Kasimir Malevitsj, Ksenija Boguslavskaja, Ivan Kljun, Mikhail Menkov, Ivan Puni og Olga Rozanova.[4] Andre medlemmer i Supremus-gruppa var Aleksandra Ekster, Nadesjda Udaltsova, Anna Kagan, Ljubov Popova, Nikolaj Sujetin, Ilja Tsjasjnik, Lazar Khideke og Nina Genke-Meller. Gruppa møttest frå 1915 av for å snakke om filosofien til suprematismen og om å få spreidd den til andre område innanfor kulturlivet.

Det var særleg den «farga» eller «dynamiske suprematismen» som inspirerte andre kunstnarar. El Lisitskij forfølgde sin eigen versjon av rørsla som han kalla «Proun».[4] Det fanst nokre døme på utveksling med konstruktivismen, med suprematistar som Popova og særleg Lisitskij som arbeidde med propaganda og industriell design. Kvitt på kvitt-verka til Malevitsj fann eit svar i svart på svart-serien til den konstuktivistiske kunstnaren Aleksandr Rodtsjenko.[4]

Sujetin nytta suprematistmotiv på verk framstilt på Lomonosov porselensfabrikk i St. Petersburg. Også Malevitsj og Tsjasjnik var tilsett på fabrikken. Malevitsj designa ei suprematist-tekanne. Suprematistane laga også arkitektoniske modellar i 1920-åra, desse viste fram sosialistbygningar som avveik mykje, samanlikna med bygg forma i konstruktivistisk arkitektur.

Malevitsj sitt arkitektoniske prosjekt vart kjend etter 1922 som Arkhitektoniki. I bygga sine framheva han den rette vinkelen, med trekk som minte om De Stijl og Le Corbusier, og som vart godtgjorde med ideologiar knytt til kommuniststyre og likskap for alle. Ei anna side ved formalismen var låg respekt for trekantar som vart «avvist som antikt, heidensk, eller kristeleg».

Avslutting og vidare påverknad[endre | endre wikiteksten]

Verk utan tittel (1933) av Vasilij Kandinskij.

Ved ei separatutstilling i 1919 erklært Malevitsj suprematisrørsla som avslutta.[3] Han stoppa deretter å måla fram til 1927, og konsentrerte seg i staden om å skriva.[4] Framveksten av desse abstrakte kunstneriske uttrykka kom i ei tid der Russland var i ein revolusjonær tilstand, idear var i gjæring, gamle skikkar vart sopa til sides. Etter kvart som den nye samfunnsordenen etablerte seg, og stalinismen festa grepet frå 1924 av, byrja staten å avgrense fridomen til kunstnarane. Frå sist på 1920-talet opplevde den russiske avantgarden direkte og krass kritikk frå styresmaktene. I 1934 vart doktrinen om sosialistisk realisme styrande for kulturpolitikken, denne la ned forbod mot abstraksjon i kunsten og avvikande kunstuttrykk. Malevitsj heldt likevel fast på sine viktigaste førestillingar. I sitt sjølvportrett frå 1933 framstilte han seg sjølv på tradisjonelt vis, i fylgje stalinistisk kultur den einaste godkjende måten, men han signerte biletet med ein bitteliten firkant i svart-over-kvitt.

Ideane frå suprematismen blei likevel spreidd vidare på 1920-talet. Kunstnarar som Vasilij Kandinskij og El Lisitskij bar med seg mange av suprematistideane til kunstnarmiljø utanlands, særleg den tyske Bauhaus-rørsla.[3] Den nederlandske kunstnaren Piet Mondrian nytta mange liknande idear i sine geometriske verk.[4]

Suprematismen blei særleg gjort synleg i Vesten gjennom ei utstilling i Berlin i 1927. Alfred Barr kjøpte inn fleire av Malevitsj sine verk for Museum of Modern Art i New York, og dei var med i den banebrytande utstillinga Cubism and Abstract Art i 1936, som hadde stor innverknad på modernismen i USA.[4]

Fleire tiår seinare fann den irakisk-britiske arkitekten Zaha Hadid inspirasjon i suprematismen sin «kreative fridom».[7] Fleire av designa hennar var direkte inspirert av suprematist-verk.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Honour, H. pg Fleming, J. (2009) A World History of Art. 7th edn. London: Laurence King Publishing, pp. 793–795. ISBN 9781856695848
  2. Malevich, Kazimir (1927). The Non-Objective World. Munich. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Suprematism», Encyclopædia Britannica, 3-5-2015 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 «Suprematism», The Art Story, henta 31. oktober 2016 
  5. (Gooding, 2001)
  6. Black Square, ibiblio.org
  7. «Zaha Hadid retrospective at the State Hermitage», arcspace.com, September 17, 2015 
  8. Jessica Mairs (13 May 2016), «Zaha Hadid retrospective announced for Venice Architecture Biennale», De Zeen 

  • Denne artikkelen bygger på «Suprematism» frå Wikipedia på engelsk, den 31. desember 2010. Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
    • Kasimir Malevich, The Non-Objective World. English translation by Howard Dearstyne from the German translation of 1927 by A. von Riesen from Malevich's original Russian manuscript, Paul Theobald and Company, Chicago, 1959.
    • Camilla Gray, The Russian Experiment in Art, Thames and Hudson, 1976.
    • Mel Gooding, Abstract Art, Tate Publishing, 2001.
    • Jean-Claude Marcadé, "What is Suprematism?", from the exhibition catalogue, Kasimir Malewitsch zum 100. Geburtstag, Galerie Gmurzynska, Cologne, 1978.