Olsen Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olsen Brothers

Aktiv1972–2019
Sjangerpoprock
PrisarEurovision Song Contest

Olsen Brothers, i Danmark kjend som Brødrene Olsen, er ein dansk popduo som er mest kjend for å ha vunne Eurovision Song Contest 2000 med songen «Fly on the Wings of Love». Duoen består av brørne Jørgen (fødd 15. mars 1950) og Niels «Noller» (fødd 13. april 1954) Olsen. Det fyrste albumet deira kom ut i 1972, og brørne har totalt gjeve ut tolv album.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jørgen og Niels Olsen blei fødde i Odense, men familien flytta til København i 1962.[1] Tre år seinare starta de to brørne sitt fyrste band, The Kids, i 1965. The Kids var oppvarmingsband for The Kinks i K.B. Hallen same år, og duoen gav ut sin fyrste singel i 1967.[2]

Både Jørgen og Niels Olsen bidrog i musikalen Hair i Cirkusbygningen i København i mars 1971 og drog etterpå på turné i Danmark, Sverige og Noreg.

Dei største hitsongane deira omfattar «Angelina» (1972), «Julie» (1977), «San Francisco» (1978), «Dans Dans Dans» (1979), «Marie, Marie» (1982) og «Neon Madonna» (1985), med den største kom i 2000, då brørne vann Dansk Melodi Grand Prix med «Smuk som et stjerneskud». Til den internasjonale finalen i Stockholm var songen omsett til engelsk med tittelen «Fly on the Wings of Love».[3] På eit tidspunkt selde dei 100 000 eksemplar av songen på ein dag i heimlandet.

Duoen sto for opningsnummeret under Eurovision Song Contest 2001 i København, der dei framførte vinnarsongen sin i tillegg til ein framføring av singelen «Walk Right Back».

I 2005 deltok brørne på nytt i Dansk Melodi Grand Prix med songen «Little Yellow Radio». I finalen enda dei på andreplass, bak Jakob Sveistrup og «Tænder på dig».

«Fly on the Wings of Love» blei plukka ut som ein av fjorten deltakarar til jubileumskonserten Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005, og dei framførte han også under showet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • «Olsen» (1972)
  • «For What We Are» (1973)
  • «For the Children of the World» (1973)
  • «Back on the Tracks» (1976)
  • «You're the One» (1977)
  • «San Francisco» (1978)
  • «Dans – Dans – Dans» (1979)
  • «Rockstalgi» (1987)
  • «Det Stille Ocean» (1990)
  • «Greatest and Latest» (1994)
  • «Angelina» (1999)
  • «Fly on the Wings of Love» (2000)
  • «Neon Madonna» (2001)
  • «Walk Right Back» (2001)
  • «Songs» (2002)
  • «Weil Nur Die Liebe Zählt» (2003)
  • «More Songs» (2003)
  • «Our New Songs» (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Olsen Brothers - Official Website». www.olsen-brothers.dk. Henta 14. juli 2018.  |first1= missing |last1= in Authors list (hjelp)
  2. «Olsen Brothers | Biography & History | AllMusic». AllMusic. Henta 14. juli 2018. 
  3. «Husker du? 18 år siden Brødrene Olsen vandt Eurovisionen | BILLED-BLADET». BILLED-BLADET (på dansk). Henta 14. juli 2018.