Eurovision Song Contest 2000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 2000
Dato
Vertskap
Stad
Flag of Sweden.svg Sverige Globen, Stockholm, Sverige
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Latvia.svg Latvia
Attende
Flag of Finland.svg Finland
Flag of Macedonia.svg Republikken Makedonia
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Russia.svg Russland
Flag of Switzerland.svg Sveits
Ikkje med
Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
Flag of Lithuania.svg Litauen
Flag of Poland.svg Polen
Flag of Portugal.svg Portugal
Flag of Slovenia.svg Slovenia
Kart
Røysting
'Vinnar
Flag of Denmark.svg Danmark
Fly on the Wings of Love'
Eurovision Song Contest
1999 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 2001

Eurovision Song Contest 2000 var den 45. Eurovision Song Contest i rekkja, og vart arrangert den 13. mai i Stockholm i Sverige av di Charlotte Nilsson vann finalen i Jerusalem året før. Dette var andre gongen ESC vart arrangert i Stockholm, og fjerde gongen i Sverige. Programleiarane var Kattis Ahlström og Anders Lundin. Tevlinga vart vunnen av danske «Fly on the Wings of Love» av Olsen Brothers' som fekk 195 poeng.

Estland sitt bidrag, «Once in a Lifetime» av Ines var den store førehandsfavoritten dette året, og vart hylla av både presse og fans. Russland sitt bidrag, «Solo» av Alsou og debutanten Latvia sitt, «My star» av Brainstorm var også populære blant bookmakerane. Men så fort røystene byrja å tikka inn tok Danmark ei klår leiing, berre såvidt utfordra av toaren Russland. Latvia enda som nummer tre, og storfavoritten Estland måtte nøya seg med fjerdeplassen. Som forventa fekk Irland ein respektabel sjetteplass med balladen «Millenium of Love».

Noreg sitt bidrag var jentegruppa Charmed med «My Heart Goes Boom». Dei enda på ellevteplass med 57 poeng.

Som vanleg var nokre av bidraga kontroversielle. Deltakarane frå Israel vifta med israelske og syriske flagg som ein bodskap om fred mellom dei to landa, og to mannlege medlemer av gruppa kyssa kvarandre ein kort augneblink. Stefan Raab og Tyskland stod for det komiske innslaget i tevlinga. Refrenget i songen deira, Wadde Hadde Dudde Da? var laga frå tysk barnespråk. Sverige sin originale song, «When Spirits are Calling My Name» av Roger Pontare handla om kampen for urfolka sine rettar. Pontare hadde med seg både ein same, ein inuitt og ein indianar på scena, sistnemnte kledd i ei stor fjørdrakt, og ein del av songen inneheldt samisk joik. Den russiske delegasjonen ville ha Danmark diskvalifisert etter at Jørgen Olsen hadde brukt ein vocoder for å få røysta si til å høyrast elektrisk ut på eit vers av vinnarbidraget til Danmark, men EBU avviste klagen.

Marit Åslein presenterte dei norske røystene, medan Jostein Pedersen var kommentator.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Språk Artist Song Plassering Poeng
1 Flag of Israel.svg Israel Hebraisk PingPong Sameyach 22 7
2 Flag of the Netherlands.svg Nederland Engelsk Linda Wagenmakers No Goodbyes 13 40
3 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Engelsk Nicki French Don't Play That Song Again 16 28
4 Flag of Estonia.svg Estland Engelsk Ines Once In A Lifetime 4 98
5 Flag of France.svg Frankrike Fransk Sofia Mestari On Aura Le Ciel 23 5
6 Flag of Romania.svg Romania Engelsk Taxi The Moon 17 25
7 Flag of Malta.svg Malta Engelsk, maltesisk Claudette Pace Desire 8 73
8 Flag of Norway.svg Noreg Engelsk Charmed My Heart Goes Boom 11 57
9 Flag of Russia.svg Russland Engelsk Alsou Solo 2 155
10 Flag of Belgium (civil).svg Belgia Fransk Nathalie Sorce Envie De Vivre 24 2
11 Flag of Cyprus.svg Kypros Gresk, Italiensk Alexandros and Christina Nomiza (Νόμιζα) 21 8
12 Flag of Iceland.svg Island Engelsk August & Telma Tell Me! 12 45
13 Flag of Spain.svg Spania Spansk Serafin Zubiri Colgado de un sueño 18 18
14 Flag of Denmark.svg Danmark Engelsk Olsen Brothers Fly on the Wings of Love 1 195
15 Flag of Germany.svg Tyskland Tysk, engelsk Stefan Raab Wadde Hadde Dudde Da? 5 96
16 Flag of Switzerland.svg Sveits Italiensk Jane Bogaert La Vita Cos'e 20 14
17 Flag of Croatia.svg Kroatia Kroatisk Goran Karan Kad Zaspu Anđeli 9 70
18 Flag of Sweden.svg Sverige Engelsk Roger Pontare When Spirits Are Calling My Name 7 88
19 Flag of Macedonia.svg Republikken Makedonia Engelsk, makedonsk XXL 100% te ljubam 15 29
20 Flag of Finland.svg Finland Engelsk Nina Åström A Little Bit 18 18
21 Flag of Latvia.svg Latvia Engelsk Brainstorm My Star 3 136
22 Flag of Turkey.svg Tyrkia Engelsk, tyrkisk Pınar Ayhan & The SOS Yorgunum Anla 10 59
23 Flag of Ireland.svg Republikken Irland Engelsk Eamonn Toal Millennium Of Love 6 92
24 Flag of Austria.svg Austerrike Engelsk The Rounder Girls All To You 14 34

Kjelder[endre | endre wikiteksten]