Treløparar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treløparar


Bleiknebbtreløpar, Dendrexetastes rufigula (nedst) Kremstrupetreløpar, Xiphorhynchus guttatus (øvst) Illustrasjon av Francis de Laporte de Castelnau, 1855, Public domain
Bleiknebbtreløpar, Dendrexetastes rufigula (nedst)
Kremstrupetreløpar, Xiphorhynchus guttatus (øvst)
Illustrasjon av Francis de Laporte de Castelnau, 1855, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Furnariidae
Underfamilie: Dendrocolaptinae
Slekter og artar
  • Sjå teksten

Treløparar, Dendrocolaptinae, utgjer ein biologisk underfamilie av sporvefuglar endemiske til den neotropiske regionen. Dei har tradisjonelt vore sett på som ein distinkt familie Dendrocolaptidae, men dei fleste autoritetar vil no plassere dei som ein underfamilie av omnfuglar, Furnariidae. Overflatisk liknar dei trekryparar i «den gamle verda», men dei er urelaterte og likskapane skuldast konvergerande evolusjon. Denne underfamilien inneheld rundt 57 artar i 15-20 slekter.

Treløparar varierer mellom 14 og 35 centimeter i lengd[1]. Generelt er dei brunaktige fuglar, treløparar held seg i ei oppreist vertikal stilling på trestammen, støtta av den stive halen sin.

Dei lever hovudsakleg av insekt som dei plukkar frå trestammar. Men treløparar er ofte ein del av kjernegruppa i sentrum av flokkar som møter maursvermar. Treløparar lever i tre og hekkar i holrom; dei legg 2-3 kvite egg som blir ruga i ca. 15 til 21 dagar[1].

Desse fuglane kan vere vanskeleg å identifisere ved at alle artar har ein tendens til å ha liknande brun overside. Den meir karakteristiske undersida er vanskeleg å sjå på ein fugl som trykker ned mot ein trestamme i skugge. Form og lengd på nebbet, utsjånad av flekker og striper, samt lydytringar, er nyttige hjelpemiddel for å bestemme arten.

Småtreløpar, Xiphorhynchus fuscus
Foto: Dario Sanches
Elfenbeinstreløpar, Xiphorhynchus flavigaster
Foto: Steve Garvie
Dendrocincla turdina, eng: Plain-winged Woodcreeper
Foto: Dario Sanches
Kakaotreløpar, Xiphorhynchus susurrans
Foto: Jerry Oldenettel
Kilenebbtreløpar, Glyphorynchus spirurus
Foto: Michael Woodruff
Langnebbtreløpar, Nasica longirostris
Foto: Hector Botta
Stortreløpar, Xiphocolaptes major
Foto: Hector Botta
Brunbukmeiskrypar, Xenops minutus
Foto: Andres Cuervo

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Treløparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Sittasomus

  • Gråhovudtreløpar, Sittasomus griseicapillus, Olivaceous Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818

Slekt Deconychura

  • Langhaletreløpar, Deconychura longicauda, Long-tailed Woodcreeper, NT, Pelzeln, 1868

Slekt Dendrocincla

  • Tyranntreløpar, Dendrocincla tyrannina, Tyrannine Woodcreeper, LC, Lafresnaye, 1851
  • Sepiatreløpar, Dendrocincla fuliginosa, Plain-brown Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818
  • manglar norsk namn, Dendrocincla turdina, Plain-winged Woodcreeper
  • Okervengtreløpar, Dendrocincla anabatina, Tawny-winged Woodcreeper, LC, Sclater, 1859
  • Kvithaketreløpar, Dendrocincla merula, White-chinned Woodcreeper, LC, Lichtenstein, 1820
  • Rusttreløpar, Dendrocincla homochroa, Ruddy Woodcreeper, LC, Sclater, 1859

Slekt Glyphorynchus

  • Kilenebbtreløpar, Glyphorynchus spirurus, Wedge-billed Woodcreeper, LC, Vieillot, 1819

Slekt Dendrexetastes

  • Bleiknebbtreløpar, Dendrexetastes rufigula, Cinnamon-throated Woodcreeper, LC, Lesson, 1844

Slekt Nasica

  • Langnebbtreløpar, Nasica longirostris, Long-billed Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818

Slekt Dendrocolaptes

Slekt Hylexetastes

  • Vatrebuktreløpar, Hylexetastes stresemanni, Bar-bellied Woodcreeper, LC, Snethlage, 1925
  • Raudnebbtreløpar, Hylexetastes perrotii, Red-billed Woodcreeper, LC, Lsfresnaye, 1844

Slekt Xiphocolaptes

  • Meiseltreløpar, Xiphocolaptes promeropirhynchus, Strong-billed Woodcreeper, LC, Lesson, 1840
  • Caatingatreløpar, Xiphocolaptes falcirostris, Moustached Woodcreeper, VU, Spix, 1824
  • Kvitstrupetreløpar, Xiphocolaptes albicollis, White-throated Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818
  • Stortreløpar, Xiphocolaptes major, Great Rufous Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818

Slekt Xiphorhynchus

  • Stripetreløpar, Xiphorhynchus obsoletus, Striped Woodcreeper, LC, Lichtenstein, 1820
  • Småtreløpar, Xiphorhynchus fuscus, Lesser Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818
  • Dråpetreløpar, Xiphorhynchus ocellatus, Ocellated Woodcreeper, LC, Spix, 1824
  • Selvastreløpar, Xiphorhynchus elegans, Elegant Woodcreeper, LC, Pelzeln, 1868
  • Plettreløpar, Xiphorhynchus spixii, Spix's Woodcreeper, LC, Lesson, 1830
  • Guyanatreløpar, Xiphorhynchus pardalotus, Chestnut-rumped Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818
  • Kakaotreløpar, Xiphorhynchus susurrans, Cocoa Woodcreeper, LC, Jardine, 1847
  • Kremstrupetreløpar, Xiphorhynchus guttatus, Buff-throated Woodcreeper, LC, Lichtenstein, 1820
  • Elfenbeinstreløpar, Xiphorhynchus flavigaster, Ivory-billed Woodcreeper, LC, Swainson, 1827
  • Perletreløpar, Xiphorhynchus lachrymosus, Black-striped Woodcreeper, LC, Lawrence, 1862
  • Flekktreløpar, Xiphorhynchus erythropygius, Spotted Woodcreeper, LC, Sclater, 1859
  • Olivenryggtreløpar, Xiphorhynchus triangularis, Olive-backed Woodcreeper, LC, Lafresnaye, 1842

Slekt Dendroplex

  • Sylnebbtreløpar, Dendroplex picus, Straight-billed Woodcreeper, LC, Gmelin, 1788
  • Varzeatreløpar, Dendroplex kienerii, Zimmer's Woodcreeper, NT, Zimmer, 1934

Slekt Campylorhamphus

Slekt Drymotoxeres

Slekt Drymornis

  • Sabeltreløpar, Drymornis bridgesii, Scimitar-billed Woodcreeper, LC, Eyton, 1849

Slekt Lepidocolaptes

  • Stripehovudtreløpar, Lepidocolaptes souleyetii, Streak-headed Woodcreeper, LC, Des Murs, 1849
  • Kvitbryntreløpar, Lepidocolaptes angustirostris, Narrow-billed Woodcreeper, LC, Vieillot, 1818
  • Marmortreløpar, Lepidocolaptes leucogaster, White-striped Woodcreeper, LC, Swainson, 1827
  • Prikkronetreløpar, Lepidocolaptes affinis, Spot-crowned Woodcreeper, LC, Lafresnaye, 1839
  • Tåretreløpar, Lepidocolaptes lacrymiger, Montane Woodcreeper, LC, Des Murs, 1849
  • Skjeltreløpar, Lepidocolaptes squamatus, Scaled Woodcreeper, LC, Lichtenstein, 1822
  • Paranátreløpar, Lepidocolaptes falcinellus, Scalloped Woodcreeper, LC, Cabanis & Heine, 1859
  • Linjetreløpar, Lepidocolaptes albolineatus, Lineated Woodcreeper, LC, Lafresnaye, 1846
  • manglar norsk namn, Lepidocolaptes fatimalimae, Inambari Woodcreeper

Slekt Xenops

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylte fuglar som liknar treløparar i utsjånad og eller levevis er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Willis, Edwin O. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 163. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]